Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Ofte stilte spørsmål med svar - Jegerprøva

Bokmål

- Kva er jegerprøva?

Jegerprøva er eit praktisk og teoretisk kurs på 30 timar som blir avslutta med ein teoretisk eksamen. Kurset blir leia av ein instruktør som er utdanna etter eit opplegg som er godkjent av Direktoratet for naturforvaltning. Jegerprøva er ei grunnopplæring i handtering av våpen/fangstreidskap, artskunnskap og lovverk, slik at vi som jegerar kan drive ansvarleg hausting av overskotet i naturen. Pensum og lærebokmaterialet er «Jegerprøveboka» (Landbruksforlaget - ISBN 9788252931112) eller «ABC for jegerprøven» (Tun forlag - ISBN 9788252931143). Når du har gjennomført og bestått jegerprøva, blir du registrert i Jegerregisteret.

- Når kan eg gjennomføre jegerprøva?

Det obligatoriske kurset er på 30 timar, og det kan du gjennomføre frå den dagen du er fylt 14 år.

- Kor kan eg vende meg for å gjennomføre jegerprøva?

Ta kontakt med kommunen på heimstaden din, og spør etter eksamensansvarleg for jegerprøva. Opplysningar om jegerprøva kan du og få hos Direktoratet for naturforvaltning, fylkesmannen si miljøvernavdeling eller den lokale avdelinga av Norges Jeger- og Fiskerforbund.



Jegerregisteret, Postboks 905, 8910 Brønnøysund Telefon: 75 00 79 99 E-post:jegerregisteret@brreg.no


       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673