– Kven må betale jegeravgift?
Alle som skal drive med jakt og fangst i Noreg må betale jegeravgift til Viltfondet. Avgifta er eit vilkår for å drive med jakt og fangst i Noreg, men gir ikkje jaktrett på noko område. Ein jeger må også ha løyve frå grunneigar for å drive lovleg jakt. Jegeravgifta gjeld for ein heil jaktår (1. april til 31. mars).
– Kor høg er jegeravgifta?
Jegeravgifta for alt vilt i innverande jaktår er 380 kr. Jegeravgifta for jakt/fangst av alt vilt unnateke elg, hjort eller villrein i inneverande jaktår er 300 kr.
– Blir eg sletta frå Jegerregisteret dersom eg ikkje betaler jegeravgifta?
Norske jegerar blir ikkje sletta frå Jegerregisteret sjølv om du lèt vere å betale jegeravgifta i eitt eller fleire år. Dersom du ikkje har betalt jegeravgifta dei tre siste åra, får du status som passiv jeger. Det tyder at du ikkje lenger automatisk får tilsend jegeravgiftskort. Ønskjer du tilsend nytt jegeravgiftskort, kan du sjølv bestille dette på www.jegerregisteret.no. Du treng ikkje gå opp til ny jegerprøve. Du vil ikkje miste jaktretten i Noreg med mindre du blir frådømt denne ved dom.
– Kva skal eg gjere dersom eg har betalt for jakt på alt vilt unnateke elg, hjort og villrein, men likevel ønsker å jakte elg hjort eller villrein?
Då må du betale ei tilleggsavgift for elg, hjort og villrein på 80 kroner. Du kan betale dette med Visa, Mastercard eller American Ekspress eller bestille eit nytt jegeravgiftskort på www.jegerregisteret.no

Jegerregisteret, Postboks 905, 8910 Brønnøysund Telefon: 75 00 79 99 E-post:jegerregisteret@brreg.no
|