– Kva er vilkåra for å kunne registrere seg som lisensjeger?
Du må:
• vere fylt 18 år
og
• ha betalt jegeravgift for (minimum) «alt vilt unntatt elg, hjort og villrein» i inneverande jaktår. Betalinga må vere registrert hos Jegerregisteret. Betaler du jegeravgiften gjennom betalingsløsninga vår, kan du registrere deg som lisensjeger umiddelbart. Betaler du gjennom post eller bank/ nettbank, må du vente i 2–5 dagar før du kan registrere deg som lisensjeger,
og
• ha overhalde rapporteringsplikta etter forskrift 18. mars 2005 om forvaltning av rovvilt § 16. Jegerar som ikkje melder frå om alle fellingar/fellingsfreistnader under lisensfelling, kan miste høvet til å registrere seg som lisensjeger.
– Kva artar har ein lisensjeger høve til å felle? Kor store er kvotane?
Informasjon om kva artar ein lisensjeger kan felle, og kor store kvotane er, finn du i Rovviltportalen.
– Må eg registrere meg som lisensjeger for å drive med kvotejakt på gaupe?
For å kunne drive med kvotejakt på gaupe, er det ikkje krav om at du er registrert som lisensjeger. Informasjon om kvotejakt i Noreg finn du på Rovviltportalen

Jegerregisteret, Postboks 905, 8910 Brønnøysund Telefon: 75 00 79 99 E-post:jegerregisteret@brreg.no
|