- Kva vilkår må vere oppfylt for å kunne drive med jakt og fangst i Noreg?
Alle som skal drive med jakt og fangst i Noreg må vere registrert i Jegerregisteret. Alle førstegongsjegerar må avleggje jegerprøva, som består av eit obligatorisk kurs på 30 timar og ein skriftleg eksamen. Personar som er busette i utlandet, treng ikkje avleggje jegerprøven dersom dei kan dokumentere at dei fyller vilkåra for å drive tilsvarande jakt/fangst i heimlandet sitt. Du skal alltid ta med kvittert jegeravgiftskort på jakt/fangst.
- Kva er aldersgrensa for å drive jakt?
Du må vere 16 år for å drive sjølvstendig jakt på småvilt, og 18 år for å drive sjølvstendig jakt på storvilt. For å kunne delta i lisensjakt må du vere fylt 18 år. Fangst av småvilt kan utøvast av personar som er fylt 16 år.
- Når kan du byrje på opplæring i jakt og fangst?
Frå du har fylt 14 år og fram til du har fylte 16 år kan du likevel delta i småviltjakt med våpen og delta i fangst av villmink, mår, rype, kråkefugl og måse, dersom føremålet er opplæring. Men det er eit vilkår at du:
a) har samtykke frå foreldre eller føresette
og
b) er under forsvarleg tilsyn av ein person som har fylt 20 år. Tilsynspersonen må ha utøvt jakt og betalt jegeravgifta i minst tre år. Tilsynspersonen skal også ha løyve frå rettshavar. Den som har tilsynet skal ha høve til å kontrollere og instruere deg.
Dersom du har fylt 16 år, kan du fram til fylte 18 år delta i storviltjakt med våpen når føremålet er opplæring, dersom vilkåra i punkt a. og b. ovanfor er oppfylte. (Sjå § 29 i lov av 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon m.v.) Det blir og krevd bestått jegerprøve og skyteprøve for storviltjegerar.

Jegerregisteret, Postboks 905, 8910 Brønnøysund Telefon: 75 00 79 99 E-post:jegerregisteret@brreg.no
|