- Treng eg å sende adresseendring til Jegerregisteret når eg flyttar?
Jegerregisteret nyttar seg av Folkeregisteret sine adresser. Har du meldt adresseendring til Folkeregisteret, er det tilstrekkeleg. Dersom du skaffar deg postboks eller skal endre postboksnummeret, må du gi melding om dette til Jegerregisteret. Det same gjeld endring av utanlandske adresser og studentadresser. Hugs å føre opp tidsrommet for adresseendring, og jegernummeret.
- Må eg sende inn fangstrapport sjølv om eg ikkje har vore på jakt?
Alle som har betalt jegeravgifta må rapportere jakt og fangstutbytte til Statistisk Sentralbyrå. Du kan rapportere jakt og fangstutbytte ved å bruke rapportskjemaet som er vedlagt jegeravgiftskortet i hovudutsendinga, eller ved å logge deg inn på www.jakt.ssb.no.
Dei som ikkje har sendt inn rapport innan 1. mai, vil bli pålagt ei tilleggsavgift på 175 kroner. Tilleggsavgifta vil bli lagd til ved betaling av jegeravgifta for neste år.
- Kva skjer når ein jeger blir frådømd jaktretten?
Dersom ein jeger blir gripen i ei eller anna form for misferd under jakt, kan jegeren bli frådømd jaktretten for ein kortare eller lengre periode, dei fleste for ein periode frå eitt til fem år. Ein jeger som blir frådømd jaktretten, må etter domsperioden gå opp til ny jegerprøve for framleis å kunne drive jakt og fangst.

Jegerregisteret, Postboks 905, 8910 Brønnøysund Telefon: 75 00 79 99 E-post:jegerregisteret@brreg.no
|