Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Lisensfelling

Bokmål

Lisensfelling er skademotivert felling av ei bestemt mengd individ av ein viltart med heimel i viltlova § 12, der kvoten er fastsett av offentleg styresmakt. Du må vere registrert som lisensjeger i Jegerregisteret for å kunne delta. Registreringa skjer i Jegerregisteret for kvar enkelt rovviltart det enkelte jaktåret. Det betyr at registreringa må gjentakast ved nytt jaktår eller om ein ønskjer å jakte på andre rovviltartar enn dei som fyrst blei registrerte. Registreringa er gratis.

For å kunne registrere deg som lisensjeger må du:

  • vere fylt 18 år
  • ha betalt jegeravgift for dret noverande jaktåret. Betalinga må vere registrert hos Jegerregisteret. Betaler du jegeravgifta via betalingsløysinga vår , kan du registrere deg som lisensjeger straks. Betaler du via post eller bank/ nettbank, må du vente i 2–5 dagar før du kan registrere deg som lisensjeger.
  • ha overhaldt rapporteringsplikta i følge forskrift 18. mars 2005 om forvaltning av rovvilt § 16

Kvittering frå registreringa som lisensjeger i Jegerregisteret skal vere med under felling/fellingsforsøk. Lisensjegerar som jaktar med rifle, skal ha med dokumentasjon på gyldig skyteprøve under felling.

Det er ikkje krav om rapportering av gjennomført lisensjakt, men alle skutte dyr blir rapportert felt.

Registrering for norske lisensjegerar


Registrering for utanlandske lisensjegerar (norsk)

Registrering for utanlandske lisensjegerar (engelsk)

Statistikk over lisensjegerar

 

Jegerregisteret, Postboks 905, 8910 Brønnøysund Telefon: 75 00 79 99 E-post:jegerregisteret@brreg.no

 



       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673