Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Fakta om Jegerregisteret

Bokmål

 

Jegeravgifta er ei årleg avgift for dei som skal drive med jakt, felling og fangst. Viltfondet blir brukt til å forvalte naturressursane i Noreg. Foto: Gunnar Kjærstad

Jegerregisteret vart etablert i 1982 av Direktoratet for naturforvaltning, som også stod for drifta. I mars 1999 vart drifta av Jegerregisteret overførd frå direktoratet i Trondheim til Brønnøysundregistra.

Oppgåvene som blir utførde ved Jegerregisteret i Brønnøysund, er først og fremst å registrere jegerar som har greidd jegerprøven, og å sende ut jegeravgiftskort. Jegerregisteret har internettløysingar for betaling av jegeravgift og lisensfelling. Desse løysingane kan brukast av norske og utanlandske jegerar som er registrerte i registeret. Jegerinformasjon om vilt, jakttider, våpen og ammunisjon tek Direktoratet for naturforvaltning seg av.

Ved starten på det nye jaktåret 1. januar 2010 var det registrert 439 000 jegerar i
Jegerregisteret. Av desse betalte 197 000 jegerar jegeravgifta for jaktåret 2010/2011.

Jegerregisteret er eit sjølvstendig register med eige telefonnummer, e-postadresse, telefaks og postadresse.

 

 

 

 

 

 

Jegerregisteret, Postboks 905, 8910 Brønnøysund Telefon: 75 00 79 99 E-post:jegerregisteret@brreg.no

 

 

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673