|
For å kunne utøve jakt eller fangst i Noreg,
må alle jegerar og fangstmenn vere registrerte i Jegerregisteret
og ha betalt jegeravgift for det gjeldande jaktåret.
Alle personar som har fylt 16 år, og som ikkje er registrerte
i Jegerregisteret, skal før jakt eller fangst blir
utøvd ha bestått jegerprøven. Først
då blir dei registrerte i Jegerregisteret og får
tilsend jegeravgiftskort.
Jegerprøven er delt i eit obligatorisk kurs og ein
skriftleg eksamen. Det obligatoriske kurset er på 30
timar, og består av ni samlingar. Sju av desse er teoretiske
samlingar, mens to er praktiske utesamlingar. Kurset skal
leias av ein instruktør som er utdanna etter eit opplegg
som er godkjent av Direktoratet
for naturforvaltning. Det obligatoriske kurset blir avslutta
med ein skriftleg eksamen, der du må svare korrekt på
40 av 50 spørsmål.
Pr. 1 april 2002 er det fire studieforbund som har inngått
avtale med direktoratet om gjennomføring av det obligatoriske
kurset. Desse er Folkeuniversitetets
Studieforbund, Bygdefolkets
Studieforbund,
Studieforbundet natur
og miljø og Arbeidernes
Opplysningsforbund. Samisk Studieutvalg har òg
fått godkjenning
som arrangør av jegerprøven. Det er i tillegg
åpna for at det offentlege skuleverket kan arrangere
jegerprøven for skuleelevar og Voksenopplæringa
i Forsvaret for soldatar.
Spørsmål om jegerprøven kan du stille
til den kommunen du bur i. Be om å få snakke med
den som er viltansvarleg i kommunen. Mange lokale jeger- og
fiskarforeiningar kan også gje informasjon om korleis
jegerprøven blir gjennomførd på heimstaden
din. Fleire opplysningar kan du få ved miljøvernavdelinga
hos fylkesmannen.
|