|
Skal du drive jakt eller fangst i Noreg, må du ha gyldig jegeravgiftskort. Avgifta gjeld for heile landet og for jaktåret rekna frå og med 1. april til og med 31. mars. Jegeravgiftskortet kan du også bruke til å dokumentere at du er registrert jeger når du søkjer om erverv av våpen hos politiet og i butikken når du kjøper ammunisjon.
Har du aldri jakta før, må du først avleggje jegerprøven. Kvar du kan avleggje jegerprøva, får du vite ved å kontakte eksamensansvarleg for jegerprøva i kommunen du tilhøyrer. Dersom du greier eksamen, blir du registrert som jeger i Jegerregisteret. To til fem dagar etter registreringa vil du få tilsendt eit jegeravgiftskort i posten.
Du kan både tinge og betale jegeravgifta ved hjelp av internettsidene våre. Ved betaling med kredittkort kan du skrive ut ei førebels kvittering som gjeld i ti dagar. Kvitteringa må du ha med på jakt inntil du får ein oblat eller eit kvittert jegeravgiftskort i posten. I tillegg til jegeravgiftskortet vil du få tilsendt jegerinformasjon frå Direktoratet for naturforvaltning.
Det har blitt eit krav frå kortinnløysarane at sikkerheitsløysinga 3D Secure nyttast ved betaling av jegeravgifta på internettsida vår. 3D Secure er den sikkerheitsløysinga som Visa og Mastercard nyttar for å identifisere korthaldarar ved kjøp over Internett. Du betaler med kortet ditt på same måten som tidlegare, men dersom banken din nyttar denne løysinga, vil du få beskjed om å taste inn passordet ditt for å gjennomføre betalinga.
Tinging og betaling av jegeravgiftskort for jaktåret 2011/2012 (01.04.2011–31.03.2012)
|