Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Betale jegeravgifta/bestille jegeravgiftskort

 Bokmål

Skal du drive jakt eller fangst i Noreg, må du vere registrert i Jegerregisteret og betale jegeravgifta for inneverande jaktår. Avgifta gjeld for heile landet og for jaktåret rekna frå og med 1. april til og med 31. mars. Jegeravgiftskortet kan også brukast til å dokumentere at du er registrert jeger ved søknad til politiet om kjøp av våpen og i butikken ved kjøp av ammunisjon.

Har du aldri jakta før, må du fyrst avleggje jegerprøven. Kor du kan avleggje jegerprøven, får du vite ved å kontakte eksamensansvarleg for jegerprøven i kommunen du tilhøyrer. Dersom du består eksamen, blir du registrert som jeger i Jegerregisteret. To til fem dagar etter registreringa vil du få tilsend eit jegeravgiftskort i posten.

Dersom du ikkje har motteke jegeravgiftskort for inneverande jaktår, kan du bestille jegeravgiftskort med faktura og betale jegeravgifta via bank/posten. Du vil motta jegeravgiftskortet til folkeregistrert adresse i løpet av 2-5 dagar. Du kan velje å få tilsendt jegeravgiftskortet til ei førebels adresse. Hugs å bestille kvittering frå bankane sin betalingssentral dersom du betaler jegeravgifta via bank/posten.

Du kan betale jegeravgifta med Visa, MasterCard eller American Ekspress på internettsida vår. Betalinga blir registrert med ein gong. Straks betalinga er gjennomført, kan du skrive ut ei førebels kvittering som er gyldig i ti dagar. For utanlandske jegerar er den førebelse kvitteringa gyldig i 30 dagar. to til fem dagar etter at betalinga er gjennomført vil du motta den permanente kvitteringa som er gyldig heile jaktåret. Kvitteringa blir send til folkeregistrert adresse. Du kan også velje å få tilsendt kvitteringa til ei førebels adresse. Når betalinga er gjennomført på internettsida vår, kan du med ein gong registrere deg som lisensjeger, eller kjøpe jaktkort på internett frå ulike tilbydarar.

Det er blitt eit krav frå kortinnløysarane at tryggingsløysinga 3D Secure blir nytta ved betaling av jegeravgifta på internettsida vår. 3D Secure er den tryggingsløysinga som Visa og MasterCard brukar for å identifisere korthaldar ved kjøp over internett. Du betaler med ditt kort på same måte som tidlegare, men dersom banken din brukar denne løysinga, vil du få melding om å taste inn passordet ditt for å gjennomføre betalinga.

Her kan du bestille og få tilsend jegeravgiftskort med faktura, eller betale jegeravgifta og få tilsend kvittering for betalinga i jaktåret 2011/2012 (01.04.11-31.03.12):

jegeravgiftskort 2010Pålogging norske jegerar

Pålogging utenlandske jegerar

Pålogging utenlandske jegerar (engelsk)

 

 

Bestilling av jegeravgiftskort for jaktåret 2011/2012 (01.04.2011–31.03.2012)

 

 

Jegerregisteret, Postboks 905, 8910 Brønnøysund Telefon: 75 00 79 99 E-post:jegerregisteret@brreg.no

 

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673