|
Gjeldsordningsregisteret inneheld opplysningar om kven som
har fått innvilga gjeldsforhandlingar og gjeldsordningar,
og har kopi av alle underskrivne gjeldsordningsavtalar. Gjeldsordningsregisteret
inneheld også opplysningar om kvar i saksbehandlingsprosessen
ei sak ligg til kvar tid, kva for namsmann eller namsrett
som arbeider med saka og kva for fristar det blir arbeidd
etter.
Ut frå gjeldsordningsloven skal personar med alvorlege
gjeldsproblem ha ein sjanse til å få kontroll
over økonomien sin. Ei sentral registrering av alle
avtalane var ein føresetnad for at gjeldsordningssystemet
kunne setjast i verk.
Effekten av loven og registeret er nok mykje større
enn talet på registreringar skulle tilseie. Alt tyder
på at kreditorane er meir innstilte på å
kome fram til fleksible løysingar på eiga hand
enn å gå inn i ein formalisert, tinglyst avtale
som fører til større utgifter.
Opplysningane du kan få frå Gjeldsordningsregisteret
er avgrensa, og du må kunne identifisere personen du
spør etter med fødselsnummer. Kopi av ein gjeldsordningsavtale
kan berre rekvirerast av offentlege styresmakter og partane
sjølve. Etter at ein gjeldsordningsperiode er avslutta,
er opplysningane som er registrerte, berre tilgjengelege for
namsstyresmaktene.
|