Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Frivilligregisteret

Bokmål

Frivilligregisteret skal gjere samhandlinga mellom frivillige organisasjonar og offentlege styresmakter betre og enklare,. Registeret skal sikre systematisk informasjon som kan styrkje det rettslege grunlaget til og kunnskapen om den frivillige aktiviteten.

Dei aller fleste norske foreiningane kan registrere seg i Frivilligregisteret. Meir om registrering i Frivilligregisteret. Som frivillig verksemd blir rekna aktivitetar som ikkje gir forteneste. Dette gjeld:

  • ideelle foreiningar
  • allmenn stifting som ikkje utfører utdelingar, eller som berre utfører utdelingar til frivillig verksemd
  • næringsdrivande stifting som berre utfører utdelingar til frivillig verksemd

Følgjande aktivitet blir ikkje rekna som frivillig verksemd:

  • aktivitetar organiserte av det offentlege
  • aktivitetar baserte på samvirkeprinsipp og som blir omfatte av Lov om samvirkeforetak (samvirkelova)

Frivillig verksemd som ikkje er allmennyttig kan i særskilde tilfelle bli nekta registrering.

Alle organisasjonar som fyller vilkåra har rett til å la seg registrere, men det er ingen som har registreringsplikt i Frivilligregisteret. Ved innføring av grasrotdelordninga kan registrering innebere ein konkret gevinst. Grasrotdelordninga inneber at alle som speler på eit av Norsk Tipping sine spel kan velje at inntil fem prosent av den innsatsen dei legg inn skal gå til ein bestemt frivillig organisasjon. Spelaren kan berre velje blant foreiningar eller organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret og som har rett til pengar frå grasrotdelorninga.

Frivilligregisteret nyttar organisasjonsnummer for å identifisere dei einingane som skal registrerast. Dette inneber at alle organisasjonar som skal inn i Frivilligregisteret må registrerast i Einingsregisteret seinast samtidig med at dei blir registrerte i Frivilligregisteret.

Når ei foreining er registrert i Frivilligregisteret, tyder det at foreininga er registrert i Einingsregisteret. På grunn av dette vil omverda ha tilgang til opplysningar om foreininga frå begge registera. Desse opplysningane vil bli sprdde til resten av den offentlege forvaltninga. Føremålet er at du skal kunne melde opplysningane til ein stad, som så skal gjere opplysningane tilgjengelege for andre offentlege etatar.





       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673