|
I følgje verdipapirhandellova skal det utarbeidast prospekt ved tilbod om teikning eller kjøp av omsetjelege verdipapir som rettast til 100 personar eller fleire i det norske verdipapirmarknaden, og gjeld ein sum på minst 100 000 euro berekna over ein periode på 12 månader.
I § 7-10 i lova går det fram at prospekt som ikkje skal godkjennast av Oslo Børs, skal sendast Føretaksregisteret for registrering før prospektet blir offentleggjort. Dette vil i fyrste rekkje seie prospekter som ikkje gjeld opptak til notering på børs eller autorisert marknadsplass, og som gjeld sum på mindre enn 2 500 000 euro.
Eit prospekt skal innehalde opplysningar som er nødvendige for at investorar skal kunne gjere ei velgrunna vurdering av utferdaren si økonomiske stilling og utsikter, og kva rettar som er knytte til dei nemnde verdipapira.
Nedanfor finn du ei liste over dei føretaka som har registrert prospekt etter 1. november 2001.
Prospekt registrerte i Føretaksregisteret kan bestillast frå Brønnøysundregistrena på telefon 75 00 75 00, eller på e-post til firmapost@brreg.no.
Registrerte
prospekt
Bestilling av prospekt
(kopi fra arkiv)
|