Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Føretaksregisteret

Bokmål

Føretaksregisteret har ansvaret for registrering av alle norske og utanlandske føretak i Noreg. Registeret skal sikre rettsvern og økonomisk oversikt, og det er ei viktig kjelde for alle som treng korrekte opplysningar om aktørane i norsk næringsliv. Føretaksregisteret har ført vidare funksjonane til dei tidlegare, nærmare 100 ulike lokale handelsregistra.

Alle næringsdrivande føretak - med avgrensa så vel som med uavgrensa ansvar - pliktar å registrere seg i Føretaksregisteret. Det same gjeld enkeltpersonføretak som driv handel med innkjøpte varer eller har meir enn fem tilsette i hovudstilling. Andre enkeltpersonføretak kan registrere seg på frivillig grunnlag.

Ei registrering i Føretaksregisteret gjev eit føretak:

  • Rett til å drive næringsverksemd
  • Vern av føretaksnavn som gjev rettsverna namn
  • Firmaattest som legitimasjon overfor långjevarar, tinglysings-, avgifts- og tollstyresmakter
  • Organisasjonsnummer som ein viktig identifikasjon overfor styresmaktene og for samordning av offentlege og private næringslivsregister.
  • Legitimasjon for utøvande personar i eit føretak

Eit av dei viktigaste formåla med Føretaksregisteret er å sikre klare ansvarsforhold. Det skal ikkje vere tvil om kven som har ulike former for ansvar i eit føretak. Medlemmene i styret, dagleg leiar og revisor må sjølv skrive under på at dei har teke på seg dette ansvaret. Dersom det skulle skje endringar i ansvarsforholda i eit føretak, skal dei straks meldast til Føretaksregisteret for å bli registrerte. Forsømer føretaka å melde frå, får dei pålegg om å ordne opp. Derfor vil Føretaksregisteret alltid kunne gje oppdaterte opplysningar om kven som har dei ulike rollene i eit føretak, om endringar i aksjekapital, om eit føretak er sendt til skifteretten for tvangsoppløysing eller er under konkursbehandling, og fleire andre forhold.

Dei fleste opplysningane i Føretaksregisteret er offentlege, og dermed ei viktig opplysningskjelde for den som treng sikker informasjon om nøkkelopplysningar i eit føretak.

Føretaksregisteret kan også gje andre opplysningar om føretaket, som kopiar av stiftingsdokument, vedtekter med meir. Dessutan er det mogleg å få opplysningar frå det historiske arkivet som inneheld dokument frå dei tidlegare handelsregistra.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673