Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Einingsregisteret

Bokmål

Einingsregisteret samordnar opplysningar om næringslivet og offentlege etatar som finst i ulike offentlege register, og som er gjengangarar på spørjeskjema. I staden for at kvar offentleg etat sender ut kvart sitt skjema til bedriftene, sørgjer Einingsregisteret for at opplysningane blir samla på ein stad. Da Einingsregisteret vart opna i 1995, vart det karakterisert som eit av dei viktigaste effektiviseringstiltaka i forvaltninga dei siste åra.

Einingsregisteret inneheld grunndata om einingar som har registreringsplikt i NAV Aa-registeret, Meirverdiavgiftsregisteret, Føretaksregisteret, bedriftsregisteret i Statistisk sentralbyrå, Skattedirektoratet sitt register over upersonlege skattytarar eller Stiftingsregisteret. I tillegg er Konkursregisteret eit tilknytt register. Alle konkursbu blir registrerte og får organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Andre kan registrere seg frivillig i Einingsregisteret.

Det ni-sifra organisasjonsnummeret identifiserer einingane og gjer det lettare for styresmaktene å samarbeide om utveksling av opplysningar. Andre statlege register pliktar ut frå einingsregisterloven å samarbeide med Einingsregisteret og halde opplysningane i registeret oppdaterte. Ei samordna registermelding erstattar dei tidlegare registreringsskjemaa frå fleire etatar. Ho sikrar at dei nødvendige data blir spreidde til etatane som har bruk for registrerings- og endringsmeldingar.

Ved at alle etatar kan bruke eit felles register til å utveksle informasjon seg imellom, vil skjemaarbeidet bli enklare for næringsdrivande og andre som driv økonomisk verksemd. Mange foreiningar og andre utan registreringsplikt ser nytten av frivillig å la seg registrere i Einingsregisteret. Registreringa er gratis.

Alle opplysningane i Einingsregisteret er offentlege, med unnatak av fødselsnummer og D-nummer.

Nøkkelopplysningar kan hentast ut gratis på Internett og telefon. Mot gebyr kan ein også få tilsendt utskrifter frå registeret med dei same opplysningane.

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673