|
EMAS - Eco-Management and Audit Scheme - er ei frivillig
ordning for miljøregistrering av verksemder innanfor
EU. Gjennom EØS-avtalen kan også norske bedrifter
delta i ordninga. EMAS-registreringa er lagd til Brønnøysundregistra.
Ei EMAS-godkjenning vil seie at bedrifta både overheld
og går lenger i miljøarbeidet sitt enn det som
er lovfesta miljøkrav. For norske bedrifter som skal
konkurrere på den europeiske marknaden, er det ein marknadsfordel
å stå i EMAS-registeret. Innkjøparar i
Europa vil truleg i framtida sjekke leverandørar mot
denne lista. Ei EMAS-bedrift vil også få auka
truverde i forhold til långjevarar, investorar og samfunnet
elles.
Miljøverndepartementet er hovudansvarleg for EMAS-ordninga
i Noreg, med Klima- og forurensningsdirektoratet som utøvande
organ. Godkjende miljøkontrollørar står
for kontroll av og tilsyn med miljøarbeidet i bedriftene.
Brønnøysundregistra er ansvarlege for godkjenning
og registrering av verksemder som vil vere med i ordninga,
og for registeropplysningar overfor EU-registeret.
EMAS er eit ope register der alle interesserte kan hente
ut opplysningar om ei registrert bedrift.
|