|
Ektepaktregisteret inneheld avtalar mellom ektefellar som
regulerer formueforhold på andre måtar enn det
som automatisk følgjer av lovverket. Ektefellar som
til dømes ønskjer særeige, må opprette
ei ektepakt. For at ektepakta skal få rettsvern overfor
eventuelle kreditorar, må ho tinglysast i Ektepaktregisteret.
Dei same reglane gjeld for registrerte partnarar. Opplysningar
frå Ektepaktregisteret er offentleg tilgjengelege.
Ektepaktregisteret inneheld tinglyste ektepakter frå
1928 og fram til i dag.
Ektepaktregisteret inneheld viktig informasjon om formueforhold
mellom ektefellar, og prinsippet om at slike opplysningar
skal vere offentlege, gjeld også for dette registeret.
For å få opplysningar om en ektepakt, må du kontakte Brønnøysundregistra. Dersom du vil ha opplysningar om ektepakter som er tinglyste før 1981, må du gje opp namn og adresse på ein av partane. For ektepakter som er tinglyste etter 1981, blir det stilt krav om at du skal føre opp fødselsnummer. Du kan tinge kopi ved å ta muntleg eller skriftleg kontakt med Brønnøysundregistra.
|