|
Registeret for utøvarar av alternativ behandling er
viktig for alle som treng opplysningar om registrerte utøvarar
og om godkjende utøvarorganisasjonar.
Registerordninga skal vere med på å vareta pasientvernet
og forbrukarrettane for den som oppsøkjer
ein registrert alternativ behandlar. I tillegg skal ordninga
medverke til seriøsitet og ordna forretningstilhøve
blant utøvarar av alternativ behandling.
Det finst ingen krav om at kvar utøvar må registrere seg for å drive alternativ behandling. Lov om alternativ behandling av sjukdom vil gjelde for alle, uavhengig av om utøvaren er registrert eller ikkje.
Berre utøvarar som er medlemer i ein godkjend utøvarorganisasjon
kan bli registrerte i registeret.
Sosial- og helsedirektoratet
er ansvarlig for godkjenning av utøvarorganisasjonar
som kan vere med i registerordninga. Godkjenninga er knytt til formelle, etiske og forretningsmessige tilhøve, og inneber inga fagleg eller kvalitetsmessig vurdering av den einskilde utøvar eller behandlingsform.
Det blir stilt ei rekkje krav
til utøvarorganisasjonen for at han skal bli godkjend.
Utøvarorganisasjonen må blant anna ha vedtekter
som tilseier at utøvaren må forplikte seg til
å drive forsvarleg verksemd, gi nødvendig informasjon
til pasientane og behandle helse- og personopplysningar på
ein forsvarleg måte. Utøvarorganisasjonen må
også ha ein vedtektsfesta klagerett for pasientar i samband
med den yrkesfaglege åtferda til medlemene. Det er organisasjonen og ikkje det offentlege som stiller faglege krav til utøvarane. Utøvarorganisasjonane kan ha forskjellige faglege krav innan same behandlingsforma.
Registerordninga må ikkje forvekslast med autorisasjon av helsepersonell. Det er bare alternative behandlarar som står oppførde i registeret, som kan knytte nemninga "registrert" i tilknytning til yrkesnemninga si. Nemninga er ikkje ein verna tittel.
Ved førstegongsregistrering må utøvaren
betale eit registreringsgebyr,
og deretter ei årleg avgift for å
oppretthalde registreringa. Manglande betaling vil føre
til sletting.
|