|
Akvakulturregisteret er eit realregister. Det betyr at registeret er ordna etter løyva. Kvart enkelt løyve utgjer ei eigen eining i registeret.
Akvakulturregisteret inneheld ei oversikt over akvakulturløyve og nokre vesentlege forvaltningsvedtak knytte til desse. I tillegg inneheld registeret ei oversikt over overføringar, pantsetjingar og andre rettar som er tinglyste på løyva.
Registeret er delt inn i ein forvaltningsdel og ein tinglysingsdel. Fiskeridirektoratet er ansvarleg for forvaltningsdelen til registeret, medrekna utlevering og registrering av innhaldet i akvakulturløyvet (kva slag løyve, lokalitet, nummer mv.). Brønnøysundregistra fører inn og er ansvarleg for opplysningar knytte til tinglysingsdelen. Tinglysing gir rettsvern.
Opplysningane i Akvakulturregisteret er offentlege. Det vil seie at alle kan få opplysningar om hefte og rettar som er registrerte i Akvakulturregisteret.
|