 |
Brønnøysundregistra gjennomfører til ei kvar tid fleire prosjekt, både internt og i samarbeid med andre. Vi skal vere ein tillitsskapande myndigheitsutøvar og datakjelde, som gjer norsk forvaltning enklare. Prosjektarbeid og prosjektorganisering gjer det lettare å ha oversikt over behov og prioritere mellom forskjellige utviklingsoppgåver. Brønnøysundregistra ønskjer å utnytte moglegheitene som Internett gir i større grad enn i dag. Du kan no hente ut opplysningar frå databasane våre via Internett, sende inn årsrekneskap og registrere nye einingar elektronisk. I tida framover kjem vi til å vidareutvikle og utvide dei elektroniske løysingane enda meir.
|
 |