Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Fleire konkursar i oktober

Bokmål

Pressemelding 1. november 2011

Månadstal frå Konkursregisteret

(01.11.2011) Før fyrste gong hittil i år ser vi at månadstala for konkursar og tvangsavviklingar stig.

Til og med tredje kvartal 2011 var konkurstala lågare enn for dei tre fyrste kvartala i fjor. Men i oktober blei det registrert til saman 467 konkursar og tvangsavviklingar i Noreg, mot 430 i oktober 2010. Auken utgjer 8,6 prosent.

Det er store fylkesvise variasjonar i konkurstala. Størst prosentvis auke har Troms (180 prosent auke), Sogn og Fjordane (150 prosent auke), og Rogaland (94,4 prosent auke), men for alle desse tre fylka er tala for konkursar og tvangsavviklingar små, slik at det lett blir store prosentvise utslag. Også eit stort fylke som Akershus har ein auke i konkurstala, 30,4 prosent i forhold til oktober i fjor.

Finnmark fylke har den største nedgangen i konkursar og tvangsavviklingar, med -80,0 prosent. Vestfold har ein nedgang på -21,7 prosent, mens Oslo hadde 21,2 prosent færre konkursar og tvangsavviklingar enn i oktober 2010.

For årets ti fyrste månader har det i heile landet  vore ein nedgang på -2,4 prosent, frå 4 767 i fjor til 4 652 konkursar og tvangsavviklingar hittil i år. Her er det Troms fylke som står for den største nedgangen, med -29,3 prosent. Finnmark har ein nedgang på -19,3 prosent.
Hedmark hadde størst stigning i talet på konkursar og tvangsavviklingar frå januar til og med oktober, med 26,0 prosent. I Telemark steig talet med 18,8 prosent.


Kva er konkurs og tvangsavvikling?

Konkurs blir opna når ein person eller eit selskap ikkje er i stand til å dekkje forpliktingane sine eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.

Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysing, men ikkje har meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret – eller når eit selskap etter fleire purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan og tvangsoppløysast dersom det ikkje sender inn årsrekneskap.

 

Ved spørsmål, kontakt underdirektør ved Konkursregisteret, Karl-Erik Rørmark

Telefon 75 00 79 89 eller e-post: karl.rormark@brreg.no

 

Konkursar og tvangsavviklingar oktober 2010 og oktober 2011

 

Konkursar

Tvangsavviklingar

Fylke

Oktober
2011

Oktober
2010

Endring %

Oktober
2011

Oktober
2010

Endring %

Ukjend

2

0

 

0

0

 

Østfold

21

22

-4,5

0

3

100,0

Akershus

40

39

2,6

2o

7

185,7

Oslo

63

70

-10,0

30

48

-37,5

Hedmark

14

12

16,7

0

1

-100,0

Oppland

18

14

28,6

1

1

0,0

Buskerud

21

17

23,5

1

3

-66,7

Vestfold

17

16

6,2

1

7

-85,7

Telemark

13

10

30,0

0

0

 

Aust-Agder

14

8

75,0

1

0

 

Vest-Agder

14

16

-12,5

1

3

-66,7

Rogaland

29

17

70,6

6

1

500,0

Hordaland

37

25

48,0

1

13

-92,3

Sogn og Fjordane

10

4

150,0

0

0

 

Møre og Romsdal

17

11

54,5

2

0

 

Sør-Trøndelag

18

16

12,5

2

3

-33,3

Nord-Trøndelag

10

10

0,0

0

0

 

Nordland

26

15

73,3

0

1

-100,0

Troms

11

4

175,0

3

1

-200,0

Finnmark

2

10

-80,0

0

0

 

Ishavsøyane

0

1

-100,0

0

0

 

Utanlands

1

1

0,0

0

0

 

Totalt

398

338

17,8

69

92

-25,0

 

 

 

 

 

 

 

 





       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673