Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Ny sjef for Altinn

Bokmål

Ny sjef for Altinn ved Brønnøysundregistra blir Kjersti Lauritzen (46) frå Malvik utanfor Trondheim.

Kjersti Lauritzen skal leie e-forvaltningsarbeidet ved Brønnøysundregistra. Ho får ei sentral rolle i vidareutviklinga av Altinn når ho tiltrer stillinga som avdelingsdirektør 15. august. Kjersti Lauritzen kjem frå stillinga som Chief Operation Officer i Star Information System (SIS). SIS er eit konsulent- og programvarehus som leverer programvare og konsulenttenester til rigg- og reiarlagbransjen.
Utfordringane for Altinn har vore store det siste halvåret, men Kjersti Lauritzen gler seg til å leie arbeidet med å forenkle kvardagen for enda fleire i næringslivet. – Altinn er ei sterk drivkraft i fornyinga av offentleg sektor og ein viktig brikke for å nå regjeringa sine mål mot digitalt fyrsteval, seier ho. Lauritzen gler seg til å ta fatt på arbeidet i august.



       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673