Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Stadig nedgang i talet på konkursar

Bokmål

Pressemelding 02.05.2011

Månadstal frå Konkursregisteret

(02.05.2011) Apriltala viser at nedgangen i talet på konkursar og tvangsavviklingar held fram. I april i år blei det registrert 440 konkursar og tvangsavviklingar i Noreg, mens det tilsvarande talet for april 2010 var 553.

Nedgangen i konkurstala, april i år samanlikna med april i fjor, er på 17,4 prosent. Hittil i år er det registrert 1 987 konkursar og tvangsavviklingar, mot 2 102 i løpet av dei tre fyrste månadene i fjor. Dette er ein nedgang på 5,5 prosent.

I april hadde Troms den mest markerte nedgangen, med 80,0 prosent. Sogn og Fjordane hadde ein nedgang på 54,5 prosent. I Finnmark blei tala på konkursar og tvangsavviklingar redusert med 50,0 prosent, samanlikna med april i fjor. Trass i den samla nedgangen, hadde somme fylke auke i konkursar og tvangsavviklingar, målt mot fjorårstala. Hedmark hadde størst auke, med 58,8 prosent, mens Aust-Agder auka med 33,3 prosent.

- Vi ser at utviklinga med færre konkursar og tvangsavviklingar held fram, slik tendensen har vore det siste året, seier underdirektør Karl Erik Rørmark ved Konkursregisteret.

 
Kva er konkurs og tvangsavvikling

Konkurs blir opna når ein person eller selskap ikkje er i stand til å dekkje forpliktingane sine eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.

Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysing, men ikkje har meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret – eller når eit selskap etter fleire purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan og tvangsoppløysast viss det ikkje sender inn årsrekneskap.

 

Til redaksjonen:

Ved spørsmål, kontakt underdirektør ved Lausøyreavdelinga, Karl Erik Rørmark, telefon 75 00 79 89 eller e-post: karl.rormark@brreg.no

 

Konkursar og tvangsavviklingar i april 2011, samanlikna med april 2010:

 

Konkursar

Tvangsavviklingar

Fylke

2011

2010

Endring %

2011

2010

Endring %

Østfold

23

39

-41,0%

3

8

-62,5%

Akershus

56

54

3,7%

14

25

-44,0%

Oslo

50

67

-25,4%

30

35

-14,3%

Hedmark

23

14

64,3%

4

3

33,3%

Oppland

8

14

-42,9%

1

0

 

Buskerud

15

16

-6,2%

1

2

-50,0%

Vestfold

26

23

13,0%

4

11

-63,6%

Telemark

8

17

-52,9%

5

2

150%

Aust-Agder

12

6

100,0%

0

3

-100,0%

Vest-Agder

11

12

-8,3%

3

3

0,0%

Rogaland

24

18

33,3%

10

19

-47,4%

Hordaland

32

26

23,1%

3

4

-25,0%

Sogn og Fjordane

5

11

-54,5%

0

0

 

Møre og Romsdal

12

12

0,0%

4

5

-20,0%

Sør-Trøndelag

14

9

55,6%

6

7

-14,3%

Nord-Trøndelag

7

9

-22,2%

1

2

-50,0%

Nordland

13

16

-18,8%

0

7

-100,0%

Troms

3

17

-82,4%

1

3

66,7%

Finnmark

2

9

-77,8%

4

3

33,3%

Ishavsøyane

0

0

 

1

1

0,0%

Utanlands

1

1

0,0%

0

0

 

Totalt

345

390

-11,5%

95

143

-33,6%

 

Få pressemeldingar som e-post

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673