Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Litt nedgang i konkurstala

Bokmål

Pressemelding 01.04.2011

Kvartalstal frå Konkursregisteret

(01.04.2011) Kvartalstala på konkursar og tvangsavviklingar hittil i år ligg noko lågare enn i den same perioden i fjor. Også det samla talet på konkursar og tvangsavviklingar i mars ligg lågare enn talet for mars 2010.

Alt i alt blei det registrert 556 konkursar og tvangsavviklingar i mars i år. For mars 2010 var det tilsvarande talet 619. Dette er ein nedgang på 10,2 prosent.

I løpet av dei tre første månadene i fjor blei det registrert 1569  konkursar og tvangsavviklingar, mens det for første kvartal i år blei registrert 1542 konkursar og tvangsavviklingar, ein nedgang på 1,7 prosent.

Blant fylka hadde Finnmark den største nedgangen i konkurstala i mars, med 61,5 prosent. I Nordland var nedgangen 44,4 prosent. Sogn og fjordane hadde den største auken, med 166,7 prosent i forhold til mars 2010.

I fyrste kvartal 2011 hadde Buskerud den største nedgangen i konkursar og tvangsavviklingar, med 25,5 prosent.

For Aust-Agder blei det notert ein nedgang på 22,2 prosent. Størst auke hadde Rogaland, med 41,8 prosent.

– Vi ser at den gledelege tendensen med færre konkursar og tvangsavviklingar held fram, seier underdirektør Karl Erik Rørmark ved Konkursregisteret.

 

Kva er konkurs og tvangsavvikling?

Konkurs blir opna når ein person eller eit selskap ikkje er i stand til å dekkje forpliktingane sine eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.

Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysing, men ikkje har meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret – eller når eit selskap etter fleire purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan og tvangsoppløysast dersom det ikkje sender inn årsrekneskap.


Konkursar og tvangsavviklingar 1. kvartal 2010 og 2011

 

Konkursar

Tvangsavviklingar

Fylke

2011

2010

Endring %

2011

2010

Endring %

Østfold

60

81

-25,9

18

17

5,9

Akershus

111

139

-20,1

78

34

129,4

Oslo

176

199

-11,6

73

77

-5,2

Hedmark

57

46

23,9

1

9

-88,9

Oppland

51

39

30,8

7

11

-36,4

Buskerud

59

65

-9,2

14

33

-57,6

Vestfold

60

79

-24,1

25

25

0,0

Telemark

40

31

29,0

12

11

9,1

Aust-Agder

24

33

-27,3

4

3

33,3

Vest-Agder

38

34

11,8

10

25

-60,0

Rogaland

100

73

37,0

29

18

61,1

Hordaland

116

108

7,4

47

41

14,6

Sogn og Fjordane

25

20

25,0

3

4

-25,0

Møre og Romsdal

44

58

-24,1

5

4

25,0

Sør-Trøndelag

63

51

23,5

13

16

-18,8

Nord-Trøndelag

32

26

23,1

7

4

75,0

Nordland

65

70

-7,1

9

16

-43,8

Troms

32

36

-11,1

7

7

0,0

Finnmark

18

15

20,0

4

10

-60,0

Utanlands

4

0

 

 

0

 

Ukjend

1

1

0,0

0

0

0,0

Totalt

1176

1204

-2,3

366

365

0,3

 

Til redaksjonen:

Ved spørsmål, kontakt underdirektør ved Lausøyreavdelinga, Karl-Erik Rørmark

telefon 75 00 79 89 eller e-post: karl.rormark@brreg.no

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673