 |
Pressemelding 01.02.2011
For fyrste gong på over eit år har konkurstala stige. Januartala frå Konkursregisteret ligg høgare enn tala på konkursar og tvangsavviklingar i januar 2010.
Konkurstala for januar viser ein svak auke, både når vi samanliknar med desember 2010 og januar 2010.
Tendensen for heile fjoråret var at konkurstala gradvis blei lågare. Men på nyåret 2011 registrerer Konkursregisteret ein auke igjen.
- Vi veit ikkje kva auken skuldast, men det er i alle høve for tidleg på året til å trekkje nokon konklusjon om den positive tendensen til nedgang i konkurstala har snudd, seier underdirektør Karl Erik Rørmark ved Konkursregisteret.
I januar 2011 blei det registrert i alt 489 konkursar og tvangsavviklingar i Noreg, mens det tilsvarande talet for januar 2010 var 457. Dette er ein auke på 7,0 prosent.
I samanlikninga mellom januar i år og januar i fjor er det Nord-Trøndelag fylke som har auka mest, med 125,0 prosent. Rogaland ligg 75 prosent høgare, og Sør-Trøndelag har 41,2 prosent fleire konkursar og tvangsavviklingar enn i januar 2011. Andre fylke kan vise til minkande konkurstal. Sogn og Fjordane hadde ein nedgang på 55,6, Møre og Romsdal 47,8 og Vest-Agder 45,5 prosent færre konkursar og tvangsavviklingar ein i januar i fjor.
Kva er konkurs og tvangsavvikling?
Konkurs blir opna når ein person eller eit selskap ikkje er i stand til å dekkje forpliktingane sine eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.
Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysing, men ikkje har meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret – eller når eit selskap etter fleire purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan og tvangsoppløysast dersom det ikkje sender inn årsrekneskap.
Tal på konkursar og tvangsavviklingar i januar 2011, samanlikna med januar 2010:
|
Konkursar |
Tvangsavviklingar |
Fylke |
31.01.2011 |
31.01.2010 |
Endring % |
31.01.2011 |
31.01.2010 |
Endring % |
Østfold |
16 |
24 |
-33,3 |
7 |
4 |
75,0 |
Akershus |
31 |
35 |
-11,4 |
25 |
10 |
150,0 |
Oslo |
51 |
47 |
8,5 |
28 |
17 |
64,7 |
Hedmark |
25 |
17 |
47,1 |
0 |
2 |
-100,0 |
Oppland |
18 |
18 |
0,0 |
2 |
2 |
0,0 |
Buskerud |
21 |
19 |
10,5 |
4 |
11 |
-63,6 |
Vestfold |
14 |
17 |
-17,6 |
13 |
5 |
160,0 |
Telemark |
11 |
7 |
57,1 |
1 |
2 |
-50,0 |
Aust-Agder |
7 |
7 |
0,0 |
0 |
0 |
|
Vest-Agder |
10 |
7 |
42,9 |
2 |
15 |
-86,7 |
Rogaland |
30 |
21 |
42,9 |
12 |
3 |
300,0 |
Hordaland |
33 |
35 |
-5,7 |
15 |
15 |
0,0 |
Sogn og Fjordane |
4 |
7 |
-42,9 |
0 |
2 |
-100,0 |
Møre og Romsdal |
12 |
22 |
-45,5 |
0 |
1 |
-100,0 |
Sør-Trøndelag |
18 |
13 |
38,5 |
6 |
4 |
50,0 |
Nord-Trøndelag |
13 |
7 |
85,7 |
5 |
1 |
400,0 |
Nordland |
30 |
32 |
-6,2 |
5 |
5 |
0,0 |
Troms |
6 |
14 |
-57,1 |
4 |
0 |
|
Finnmark |
6 |
5 |
20,0 |
1 |
3 |
-66,7 |
Utanlands |
3 |
0 |
|
0 |
0 |
|
Ukjend |
0 |
1 |
-100,0 |
0 |
0 |
|
Sum |
359 |
355 |
1,1 |
130 |
102 |
27,5 |
Til redaksjonen
For meir informasjon, ta kontakt med underdirektør ved Konkursregisteret, Karl Erik Rørmark, telefon 75 00 79 89.
Konkurstala for desember 2010
|
 |