Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Merkbar reduksjon i konkurstala i 2010

Bokmål

Pressemelding 03.01.2011

Årsstatistikk for 2010 frå Konkursregisteret

(03.01.2011) Det blei registrert 13,5 prosent færre konkursar og tvangsavviklingar i 2010 enn i 2009. I løpet av året som no er omme blei det registrert 5593 konkursar og tvangsavviklingar her i landet, mens det året før blei registrert 6466.

– Den gledelege tendensen med eit stadig lågare tal konkursar og tvangsavviklingar heldt seg gjennom heile 2010, seier underdirektør Karl Erik Rørmark ved Konkursregisteret.

For eitt år sidan kunne vi melde at konkurstala for 2009 var dei høgaste som nokon gong var registrert. Tendensen for heile 2010 har vore nedgang i konkurstala, og denne utviklinga har halde fram gjennom alle årets 12 månader. Det samla talet for registrerte konkursar og tvangsavviklingar i 2010 ligg likevel merkbart høgare enn 2008, då det var 4 755 registreringar.

Størst reduksjon i 2010 hadde Sør-Trøndelag, med 32.6 prosent færre konkursar og tvangsavviklingar enn i 2009. For Buskerud var nedgangen i konkursar og tvangsavviklingar 26,0 prosent og for Møre og Romsdal 22.1 prosent.

To av fylka opplevde likevel ein auke i konkursar og tvangsavviklingar i 2010. I Troms auka talet med 13,2 prosent, mens Nordland hadde ein auke på 0,7 prosent.

Også i desember månad var det for heile landet reduksjon i konkurstala, samanlikna med året før. Desember 2010 hadde 4,5 prosent færre konkursar og tvangsavviklingar enn den tilsvarande månaden i 2009. Likevel hadde ti av fylka eit høgare tal enn i desember 2009.

 

Kva er konkurs og tvangsavvikling?

Konkurs blir opna når ein person eller eit selskap ikkje er i stand til å dekkje forpliktingane sine eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.

Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysing, men ikkje har meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret – eller når eit selskap etter fleire purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan og tvangsoppløysast dersom det ikkje sender inn årsrekneskap.

 

Til redaksjonen:

For meir informasjon til pressemeldinga, ta kontakt med underdirektør ved Konkursregisteret, Karl Erik Rørmark, telefon 75 00 79 89.

Tal på konkursar og tvangsavviklingar gruppert på fylke i perioden frå 01.01.2010 til 31.12.2010:

Konkursar

Tvangsavviklingar

Fylke

2010

2009

Endring %

2010

2009

Endring %

Østfold

266

278

-4,3%

53

82

-35,4%

Akershus

536

535

0,2%

120

166

-27,7%

Oslo

792

841

-5,8%

276

399

-30,8%

Hedmark

141

180

-21,7%

28

35

-20,0%

Oppland

150

188

-20,2%

20

29

-31,0%

Buskerud

194

283

-31,4%

68

71

-4,2%

Vestfold

268

284

-5,6%

76

82

-7,3%

Telemark

133

178

-25,3%

24

29

- 17,2%

Aust-Agder

97

94

3,2%

13

25

-48,0%

Vest-Agder

150

192

-21,9%

48

36

33,3%

Rogaland

268

308

-13,0%

105

97

8,2%

Hordaland

382

450

-15,1%

132

164

-19,5%

Sogn og Fjordane

73

87

-16,1%

11

14

-21,4%

Møre og Romsdal

195

230

-15,2%

20

46

-56,5%

Sør-Trøndelag

191

298

-35,9%

59

73

-19,2%

Nord-Trøndelag

114

97

17,5%

9

28

-67,9%

Nordland

233

232

0,4%

44

43

2,3%

Troms

155

142

9,2%

42

32

31,2%

Finnmark

68

67

1,5%

26

37

-29,7%

Ishavsøyane

2

0

 

2

1

100,0%

Utanlands

8

11

-27,3%

0

0

 

Ukjend

1

2

-50,0%

0

0

 

Sum

4417

4977

-11,3%

1176

1489

-21,0%

 

 
Tall på konkursar og tvangsavviklingar gruppert på fylke, desember 2010:

Konkursar

Tvangsavviklingar

Fylke

Desember 2010

Desember 2009

Endring %

Desember 2010

Desember 2009

Endring %

Østfold

10

23

-56,5%

3

5

-40,0%

Akershus

30

26

15,4%

7

5

40,0%

Oslo

48

60

-20,0%

9

15

-40,0%

Hedmark

12

12

0,0%

2

0

 

Oppland

9

10

-10,0%

1

2

-50,0%

Buskerud

14

23

-39,1%

4

1

300,0%

Vestfold

22

13

69,2%

3

2

50,0%

Telemark

10

8

25,0%

2

3

-33,3%

Aust-Agder

10

3

233,3%

2

3

-33,3%

Vest-Agder

16

13

23,1%

0

2

-100,0%

Rogaland

16

24

-33,3%

11

1

1000,0%

Hordaland

33

38

-13,2%

8

7

14,3%

Sogn og Fjordane

5

6

-16,7%

0

0

 

Møre og Romsdal

22

13

69,2%

3

6

-50,0%

Sør-Trøndelag

17

24

-29,2%

2

5

-60,0%

Nord-Trøndelag

9

10

-10,0%

0

2

-100,0%

Nordland

20

10

100,0%

0

3

-100,0%

Troms

16

9

77,8%

5

5

0,0%

Finnmark

3

8

-62,5%

1

0

 

Utanlands

0

2

-100,0%

0

0

 

Ukjend

0

1

-100,0%

0

0

 

Sum

322

336

-4,2%

63

67

-6,0%

 

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673