 |
Pressemelding 01.09.2010
Månadstal frå Konkursregisteret
(01.09.2010) I august månad var det 15,0 prosent færre konkursar og tvangsavviklingar enn august i fjor. Dimed ser det ut til at tendensen med nedgang i konkurstala held fram.
Til saman var det 322 konkursar og tvangsavviklingar i august i år, medan det tilsvarande talet for den same månaden i fjor var 379. Nedgangen i konkursar samanlikna med tilsvarande månad i fjor er 12.2 prosent, medan tvangsavviklingar gjekk ned med 36.4 prosent.
Blant fylka har Sogn og Fjordane den største nedgang i august-tala, med 55.6 prosent.
Sjølv om det er ein generell tendens til at tala blir lågare, opplever nokre fylke fleire konkursar og tvangsavviklingar enn i august 2009. Blant desse har Vest-Agder den største auken, med 58,3 prosent i høve til august 2009.
Kva er konkurs og tvangsavvikling
Konkurs blir opna når ein person eller selskap ikkje er i stand til å dekkje forpliktingane sine eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.
Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysing, men ikkje har meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret – eller når eit selskap etter fleire purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan og tvangsoppløysast viss det ikkje sender inn årsrekneskap.
Til redaksjonen:
Ved spørsmål, kontakt underdirektør ved Lausøyreavdelinga, Karl-Erik Rørmark
Telefon 75 00 79 89, mobil 991 08 679 eller e-post: karl.rormark@brreg.no
Konkursar og tvangsavviklingar i august 2010, samanlikna med august 2009:
|
Konkursar |
Tvangsavviklingar |
Fylke |
2010 |
2009 |
Endring % |
2010 |
2009 |
Endring % |
Østfold |
17 |
19 |
-10,5% |
1 |
2 |
-50,0% |
Akershus |
44 |
52 |
-15,4% |
2 |
1 |
100,0% |
Oslo |
43 |
56 |
-23,2% |
5 |
24 |
-79,2% |
Hedmark |
8 |
11 |
-27,3% |
0 |
1 |
-100,0% |
Oppland |
10 |
10 |
0,0% |
0 |
1 |
-100,0% |
Buskerud |
9 |
20 |
-55,0% |
1 |
0 |
|
Vestfold |
13 |
14 |
-7,1% |
0 |
1 |
-100,0% |
Telemark |
8 |
12 |
-33,3% |
2 |
0 |
|
Aust-Agder |
9 |
6 |
50,0% |
0 |
0 |
|
Vest-Agder |
18 |
12 |
50,0% |
1 |
0 |
|
Rogaland |
17 |
18 |
-5,6% |
1 |
4 |
-75,0% |
Hordaland |
20 |
25 |
-20,0% |
4 |
0 |
|
Sogn og Fjordane |
4 |
9 |
-55,6% |
0 |
0 |
|
Møre og Romsdal |
11 |
18 |
-38,9% |
2 |
0 |
|
Sør-Trøndelag |
16 |
16 |
0,0% |
3 |
2 |
50,0% |
Nord-Trøndelag |
11 |
7 |
57,1% |
1 |
1 |
0,0% |
Nordland |
15 |
13 |
15,4% |
2 |
3 |
-33,3% |
Troms |
10 |
11 |
-9,1% |
3 |
3 |
0,0% |
Finnmark |
8 |
5 |
60,0% |
0 |
1 |
-100,0% |
Utanlands |
3 |
1 |
200,0% |
0 |
0 |
|
Totalt |
294 |
335 |
-12,2% |
28 |
44 |
-36,4% |
Få pressemeldingar som e-post
|
 |