Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

26 667 hadde ikkje sendt inn årsrekneskap

Bokmål

Pressemelding 21.09.2010

Då Rekneskapsregisteret sjekka status 1. september 2010, mangla 26 667 årsrekneskap for rekneskapsåret 2009. Dette er ein liten nedgang i høve til i fjor.

Dei årsrekneskapane som manglar utgjer totalt 10,9 prosent av dei innsendingspliktige. Dette er ein nedgang samanlikna med i fjor, då det tilsvarande talet var 12,6 prosent.

I år er det ingen nye einingsslag som må betale  forseinkingsgebyr. Til liks med tidlegare år er det organisasjonsformene aksjeselskap  (19 254), norskregistrerte utenlandske føretak (4 952) og stiftingar (1 017) som utgjer hovudmengda.

Frist 31. august

– Det var gitt frist til 31. august for å sende inn årsrekneskapen elektronisk. Det er lurt av etternølarane å sende inn årsrekneskapen gjennom Altinn, for då vil forseinkingsgebyret bli mindre, seier underdirektør Arnold Ovid ved Rekneskapsregisteret.

Brev med påminning

No sender Rekneskapsregisteret ut brev til alle einingane som framleis har løpande forseinkingsgebyr. Både eininga som gebyransvarleg og alle dei som kan bli solidarisk ansvarlege, får tilsendt brev.

For aksjeselskap, allmennaksjeselskap, bustadbyggjelag og samvirkeføretak som ikkje sender inn årsrekneskapen innan seks månader etter at fristen gjekk ut, vil Rekneskapsregisteret sende melding til tingretten, som så avgjer om eininga skal bli tvangsoppløyst.

Til redaksjonen:

Nederst finn du fylkesvis oversikt over talet på einingar som per 1. september 2010 ikkje hadde sendt inn årsreknskapen før fristen gikk ut.

For meir informasjon, kontakt underdirektør Arnold Ovid ved Rekneskapsregisteret, telefon 75 00 77 83

Antall einingar som ikkje hadde sendt inn komplett årsrekneskap innan fristen, fordelt på fylke:

Fylke

Per 01.09 2010

Per 01.09 2009

Østfold

1 241

1 356

Akershus

3 129

3 341

Oslo

6 545

7 494

Hedmark

575

710

Oppland

588

723

Buskerud

1 139

1 312

Vestfold

1 071

1 230

Telemark

615

760

Aust-Agder

332

468

Vest-Agder

712

859

Rogaland

1 956

2 333

Hordaland

2 944

3 694

Sogn og Fjordane

433

506

Møre og Romsdal

1 267

1 278

Sør-Trøndelag

1 362

1 454

Nord-Trøndelag

382

479

Nordland

1 105

1 242

Troms

788

926

Finnmark

398

421

Ishavsøyane

0

0

Utanlands

85

232

Totalt

26 667

30 818

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673