Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Konkursnedgang også i juli

Bokmål

Pressemelding 02.08.2010

Månadstal frå Konkursregisteret

Nedgangen i talet på konkursar og tvangsavviklingar heldt fram også i juli. I løpet av denne månaden blei det registrert 247 konkursar og 49 tvangsavviklingar her i landet, mot 296 konkursar og 87 tvangsavviklingar i juli 2009.

Dermed ser det ut til at tendensen med færre konkursar og tvangsavviklingar fortset, slik også halvårstala Brønnøysundregistra presenterte 1. juli synte.

Størst reduksjon finn vi i Aust-Agder, med 77,8 prosent nedgang i konkursar og tvangsavviklingar. Vest-Agder hadde ein reduksjon på 76,5 prosent, medan Sør-Trøndelag hadde 62,5 prosent færre konkursar og tvangsavviklingar enn i juli 2009.

Nokre fylke har likevel ein auke. Av desse ligg Sogn og Fjordane på topp, med 62,5 prosent fleire konkursar og tvangsavviklingar enn i same månad i fjor.

 

Kva er konkurs og tvangsavvikling?

Konkurs blir opna når ein person eller selskap ikkje er i stand til å dekkje pliktene sine eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.

Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysing, men ikkje har meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret – eller når eit selskap etter gjentekne purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan også bli tvangsoppløyst dersom det ikkje sender inn årsrekneskap.

Til redaksjonen:

Ved spørsmål, kontakt avdelingsdirektør Eirik Kristiansen, telefon 75 00 79 06

 

Konkursar og tvangsavviklingar i juli 2010, samanlikna med juli 2009:

 

Konkursar

Tvangsavviklingar

Fylke

2010

2009

Endring %

2010

2009

Endring %

Østfold

9

15

-40,0%

3

4

-25,0%

Akershus

20

23

-13,0%

4

14

-71,4%

Oslo

47

56

-16,1%

16

12

33,3%

Hedmark

6

13

-53,8%

2

1

100,0%

Oppland

9

16

-43,8%

0

2

-100,0%

Buskerud

9

13

-30,8%

2

1

100,0%

Vestfold

18

15

20,0%

0

6

-100,0%

Telemark

8

9

-11,1%

3

1

200,0%

Aust-Agder

1

5

-80,0%

1

4

-75,0%

Vest-Agder

4

15

-73,3%

0

2

-100,0%

Rogaland

15

12

25,0%

3

5

-40,0%

Hordaland

13

24

-45,8%

5

4

25,0%

Sogn og Fjordane

12

6

100,0%

1

2

-50,0%

Møre og Romsdal

22

14

57,1%

1

11

-90,9%

Sør-Trøndelag

11

20

-45,0%

0

8

-100,0%

Nord-Trøndelag

8

9

-11,1%

0

1

-100,0%

Nordland

18

16

12,5%

3

5

-40,0%

Troms

14

8

75,0%

2

2

0,0%

Finnmark

2

7

-71,4%

2

2

0,0%

Ishavsøyane

1

0

 

1

0

 

Totalt

247

296

-16,6%

49

87

-43,7%


Få pressemeldingar som e-post

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673