 |
Pressemelding 01.07.2010
Det blir stadig færre konkursar, samanlikna med fjoråret. Fyrste halvår 2010 blei det registrert 484 færre konkursar og tvangsavviklingar enn i same periode i fjor, ein nedgang på 13 prosent.
Konkursstatistikken for fyrste halvår i år viser ein klar nedgang i konkursar og tvangsavviklingar i forhold til halvårsoversikta for fjoråret. Også juni i år har færre konkursar og tvangsavviklingar enn juni i fjor. Mens det i heile Noreg var 3 220 konkursar og tvangsavviklingar frå 1. januar til 30. juni i år, var det tilsvarande talet i fyrste halvår i fjor 3 704, ein nedgang på 484 i forhold til fyrste halvår 2009. Dette blir 13,1 prosent færre konkursar og tvangsavviklingar enn i fjoråret sine seks fyrste månader.
Månadsstatistikken for juni viser at registrerte konkursar og tvangsavviklingar i Noreg har gått ned frå 710 til 617, slik at reduksjonen også her er 13,1 prosent.
Sør-Trøndelag er det fylket som har størst nedgang i konkurstala. Dei har ein nedgang på 35,6 prosent i forhold til fyrste halvår 2009.
Sjølv om det totalt har blitt færre registrerte konkursar og tvangsavviklingar i Noreg, har tala likevel stige i somme fylke. Størst auke har Troms, med 23,9 prosent fleire konkursar og tvangsavviklingar enn i juni i fjor.
I juni err Nord-Trøndelag det fylet som har størst nedgang, 62,5 prosent færre konkursar og tvangsavviklingar samanlikna med juni i fjor.
Som tidlegare er det bygningsbransjen, butikk og handel, restaurant, og kjøp og utleige av eigedom som har dei høgaste konkurstala blant bransjane. Men også for desse gruppene viser tala ein nedgang i registrerte konkursar og tvangsavviklingar.
– Halvårstala sett under eitt stadfestar den positive tendensen vi har sett hittil i år, med gradvis nedgang i tala på konkursar og tvangsavviklingar, samanlikna med 2009, seier underdirektør ved Lausøyreavdelinga, Karl Erik Rørmark.
Kva er konkurs og tvangsavvikling?
Konkurs blir opna når ein person eller selskap ikkje er i stand til å dekkje forpliktingane sine eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.
Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysing, men ikkje har meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret – eller når eit selskap etter fleire purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan og tvangsoppløysast viss det ikkje sender inn årsrekneskap.
Til redaksjonen
For meir informasjon, ta kontakt med underdirektør Karl Erik Rørmark, telefon 75 00 79 89 / 991 08 679.
Konkursar og tvangsavviklingar dei seks første månadene i 2009 og 2010
Fylkesvis
|
Konkursar |
Tvangsavviklingar |
Fylke |
2010 |
2009 |
Endring % |
2010 |
2009 |
Endring % |
Østfold |
168 |
159 |
5,7% |
37 |
57 |
-35,1% |
Akershus |
299 |
304 |
-1,6% |
87 |
109 |
-20,2% |
Oslo |
449 |
450 |
-0,2% |
148 |
231 |
-35,9% |
Hedmark |
79 |
95 |
-16.8% |
20 |
25 |
-20,0% |
Oppland |
81 |
109 |
-25,7% |
15 |
19 |
-21,1% |
Buskerud |
120 |
157 |
-23,6% |
55 |
57 |
-3,5% |
Vestfold |
150 |
189 |
-20,6% |
57 |
52 |
9,6% |
Telemark |
67 |
92 |
-27,2% |
16 |
23 |
-30,4% |
Aust-Agder |
56 |
50 |
12,0% |
10 |
13 |
-23,1% |
Vest-Agder |
73 |
115 |
-36,5% |
41 |
18 |
127,8% |
Rogaland |
132 |
175 |
-24.6% |
72 |
65 |
10,8% |
Hordaland |
213 |
243 |
-12,3% |
73 |
89 |
-18,0% |
Sogn og Fjordane |
39 |
46 |
-15,2% |
9 |
8 |
12,5% |
Møre og Romsdal |
103 |
138 |
-25,4% |
13 |
27 |
-51,9% |
Sør-Trøndelag |
91 |
170 |
-46,5% |
43 |
38 |
13,2% |
Nord-Trøndelag |
59 |
55 |
7,3% |
7 |
21 |
-66,7% |
Nordland |
132 |
123 |
7,3% |
33 |
21 |
57,1% |
Troms |
83 |
69 |
20,3% |
26 |
19 |
36,8% |
Finnmark |
36 |
38 |
-5,3% |
22 |
27 |
-18,5% |
Utanlands |
4 |
6 |
-33,3% |
0 |
0 |
|
Ishavsøyane |
0 |
0 |
|
1 |
1 |
0,0% |
Ukjend |
1 |
1 |
0,0% |
0 |
0 |
0,0% |
Totalt |
2435 |
2784 |
-12,5% |
785 |
920 |
-14,7% |
|
 |