Pressemelding 23.04.2010
Per 1. april 2010 hadde Rekneskapsregisteret framleis ikkje motteke rekneskap for rekneskapsåret 2008 frå 1 058 aksje-/allmennaksjeselskap, bustadbyggjelag og samvirkeføretak. Desse står no i fare for å bli tvangsavvikla. Talet på varsel om tvangsavvikling er stabilt i høve til det tilsvarande talet for rekneskapsåret 2007.
Dei 1 058 einingane utgjer 0,51 prosent av i alle 208 616 innsendingspliktige einingar som risikerer å bli tvangsavvikla. Einingar som ikkje har sendt inn rekneskapen sin innan 21. mai 2010 blir send til tingretten, som tek stilling til om einingane skal bli tvangsavvikla etter reglane i konkurslova.
– Dette har sjølvsagt store konsekvensar for dei det gjeld, seier underdirektør Sverre Hovland ved Rekneskapsregisteret.
Topp og botn
Oslo har med 331 flest einingar som står i fare for å bli tvangsavvikla. Akershus har 130 einingar i faresona, mens Hordaland har 115. Nord-Trøndelag har det lågaste talet, med sju einingar.
Kommuneoversikt
Varsel om tvangsavvikling er no kunngjort i lokalaviser og på brreg.no. Her vil du finne informasjon om kva einingar dette gjeld i din kommune.
Tvangsavvikling er ei styrd avvikling av eit AS/ASA, bustadbyggjelag eller samvirkeføretak som ikkje har oppfylt plikta si til å sende årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. Tvangsavvikling skjer ved den lokale tingretten.
Rekneskapsåret er rekneskapsperioden til eininga - som vanlegvis følgjer kalenderåret.
Innsendingsplikt tyder at rekneskapspliktige einingar skal sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret, året etter rekneskapsåret.
Til redaksjonen:
Nedanfor finn du fylkesoversikta over varsla tvangsavviklingar. Spørsmål kan du rette til underdirektør Sverre Hovland, telefon 75 00 76 67.
Fylkesvis oversikt over kunngjering av varsel om tvangsavvikling for rekneskapsåret 2008 samanlikna med tal frå 2007.
Fylke |
2008 |
2007 |
Østfold |
29 |
37 |
Akershus |
130 |
117 |
Oslo |
331 |
305 |
Hedmark |
15 |
18 |
Oppland |
18 |
20 |
Buskerud |
35 |
33 |
Vestfold |
45 |
50 |
Telemark |
19 |
13 |
Aust-Agder |
16 |
14 |
Vest-Agder |
18 |
19 |
Rogaland |
86 |
52 |
Hordaland |
115 |
122 |
Sogn og Fjordane |
13 |
5 |
Møre og Romsdal |
39 |
41 |
Sør-Trøndelag |
40 |
46 |
Nord-Trøndelag |
7 |
10 |
Nordland |
40 |
30 |
Troms |
47 |
47 |
Finnmark |
15 |
22 |
Heile landet |
1 058 |
1 001 |
|