|
Pressemelding 01.02.2010
Føretaksregisteret har sendt varsel om sletting til om lag 1 700 norske avdelingar av utanlandske føretak (NUF). Desse eksisterer ikkje lenger, fordi føretaket i Storbritannia er sletta.
I perioden 2006-2009 har det vore ein monaleg auke i talet på utanlandske føretak som registrerer norske avdelingar (NUF). Ved utgangen av 2009 var det registrert 15 399 utanlandske føretak med norsk avdeling i Føretaksregisteret. 80 prosent av dei utanlandske føretaka er britiske aksjeselskap.
Den som vel å etablere eit utanlandsk føretak for så å registrere norsk avdeling (NUF), må ta omsyn til lovgivinga i to land. Selskapslovgivinga i Noreg er i stadig endring og utvikling, på same vis som den britiske lovgivinga. Det lèt til at mange ikkje har gjort seg kjent med rapporteringspliktene sine i Storbritannia, som for eksempel den obligatoriske innsendinga av «annual return» til det britiske føretaksregisteret Companies House. Dette har ført til at ei stor mengd selskap har blitt sletta frå Companies House. Registrering og sletting av NUF blir regulert av føretaksregisterlova. Eit NUF er inga sjølvstendig juridisk eining, men ein del av det utanlandske hovudføretaket. Når hovudføretaket i Storbritannia er sletta i Companies House, sluttar den norske avdelinga å eksistere.
Føretaksregisteret gjennomførte før årsskiftet ein omfattande kontroll av britiske føretak registrert med verksemd i Noreg. Dei som det no blir kunngjort varsel om sletting for, har tidlegare fått skriftleg førehandsvarsel om at dette ville kome til å skje. Dei får no tre veker på seg for å setje i verk tiltak, dersom dei vil unngå sletting. Ei rettsavgjerd som gir dei medhald er den einaste måten dei kan bli gjeninnførde i Companies House på. Dette er eit absolutt vilkår for å unngå at den norske avdelinga blir sletta i Føretaksregisteret.
– Som eit av dei fyrste landa i Europa vil vi frå i år kunne nyttiggjere oss eit maskinelt system som er kopla opp mot det britiske registeret. Då vil vi få eit varsel når det skjer noko med selskapet sin status i Storbritannia, seier avdelingsdirektør Ketil Ingebrigtsen ved Brønnøysundregistra. For ettertida vil det bli kontinuerleg kontroll og kontinuerleg sletting av NUF.
Finn kven som har fått varsel
Gå til Søk på kunngjøringer antatt døde foretak.
Under Kunngjøringstype vel du søkekriteriet Endringer i det øvste feltet. I det feltet i midten vel du Øvrige endringer, og i det nedste feltet vel du Antatt døde foretak.
Under søk på kunngjeringar må ein leggje inn dato: Frå 28.01.2010 til 01.02.2010.
|