Over 30 000 hadde ikkje sendt inn årsrekneskap
Då Rekneskapsregisteret sjekka status 1. september 2009, mangla 30 818 årsrekneskap for rekneskapsåret 2008. Dette er ein liten auke i høve til i fjor.
For ei rekkje organisasjonsformer er dette fyrste året dei må betale forseinkingsgebyr. Blant desse er det norskregistrerte utanlandske føretak, NUF, som utgjer hovuddelen, med 5 037 ikkje leverte årsrekneskap.
Av dei einingsslaga som tidlegare måtte betale forseinkingsgebyr, er det framleis aksjeselskap (22 251), stiftingar (1 199) og burettslag (327) som utgjer hovudmengda.
Frist 31. august
– Det var gitt frist til 31. august for å sende inn årsrekneskapen elektronisk. Det er lurt av etternølarane å sende inn årsrekneskapen gjennom Altinn, for då vil forseinkingsgebyret bli mindre, seier underdirektør Harald Alstad ved Rekneskapsregisteret.
Brev med påminnning
No sender Rekneskapsregisteret ut brev til alle einingane som framleis har løpande forseinkingsgebyr. Både eininga som gebyransvarleg og alle dei som kan bli solidarisk ansvarlege, får tilsendt brev.
For aksjeselskap, allmennaksjeselskap og bustadbyggjelag som ikkje sender inn årsrekneskapen innan seks månader etter at fristen gjekk ut, vil Rekneskapsregisteret sende melding til tingretten, som så avgjer om eininga skal tvangsoppløysast.
Til redaksjonen:
Nedanfor finn du fylkesvis oversikt over talet på einingar som per 1. september 2009 ikkje hadde sendt inn årsrekneskapen før fristen gikk ut.
For meir informasjon, kontakt underdirektør Harald Alstad ved Rekneskapsregisteret, på telefon 75 00 76 20
Talet på einingar som ikkje hadde sendt inn komplett årsrekneskap før fristen gikk ut, fordelt på fylke:
Fylke |
Per 01.09 2009 |
Per 01.09 2008 |
Østfold |
1 356 |
1 306 |
Akershus |
3 341 |
2 665 |
Oslo |
7 494 |
6 068 |
Hedmark |
710 |
637 |
Oppland |
723 |
574 |
Buskerud |
1 312 |
1 127 |
Vestfold |
1 230 |
995 |
Telemark |
760 |
595 |
Aust-Agder |
468 |
321 |
Vest-Agder |
859 |
600 |
Rogaland |
2 333 |
1 720 |
Hordaland |
3 694 |
3 145 |
Sogn og Fjordane |
506 |
417 |
Møre og Romsdal |
1 278 |
1 142 |
Sør-Trøndelag |
1 454 |
1 264 |
Nord-Trøndelag |
479 |
427 |
Nordland |
1 242 |
1 027 |
Troms |
926 |
814 |
Finnmark |
421 |
482 |
Ishavsøyane |
0 |
0 |
Utanlands |
232 |
0 |
Totalt |
30 818 |
25 326 |
|