 |
Konkurstal for dei fire første månadene:
Auken i talet på konkursar held fram
Etter dei fire første månadene av 2009 viser statistikken frå Konkursregisteret at talet på konkursar og tvangsavviklingar har auka med 62,5 prosent i forhold til same periode i fjor.
Flest konkursar
Det var 801 fleire konkursar i perioden 1. januar – 30. april 2009 enn i same periode året før. Det tilsvarande talet for tvangsavviklingar i same periode var 135.
Aukar mest
Nord-Trøndelag er det fylket som har størst prosentvis auke i talet på konkursar og tvangsavviklingar med 163,2 prosent. Vestfold følgjer rett bak med ein auke på 124,7 prosent.
Eitt unnatak
I Troms fylke har talet på konkursar og tvangsavviklingar gått ned med 5,4 prosent frå i fjor til i år.
Stadfesting
– Vi konstaterer at talet på konkursar held fram med å stige, sier Karl Erik Rørmark, underdirektør ved Lausøyreavdelinga.
Kva er konkurs og tvangsavvikling
Konkurs blir opna når ein person eller selskap ikkje er i stand til å dekkje forpliktingane sine eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.
Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysing, men ikkje har meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret – eller når eit selskap etter fleire purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan og tvangsoppløysast viss det ikkje sender inn årsrekneskap.
Konkursar og tvangsavviklingar januar–april 2008 og 2009
|
Konkursar |
Tvangsavviklingar |
Fylke |
2009 |
2008 |
Endring % |
2009 |
2008 |
Endring % |
Østfold |
98 |
79 |
+24,1 |
34 |
22 |
+54,5 |
Akershus |
197 |
99 |
+99,0 |
69 |
56 |
+23,2 |
Oslo |
299 |
171 |
+74,9 |
153 |
104 |
+47,1 |
Hedmark |
60 |
30 |
+100,0 |
15 |
15 |
+0,0 |
Oppland |
79 |
39 |
+102,6 |
15 |
16 |
-6,2 |
Buskerud |
116 |
66 |
+75,8 |
37 |
31 |
+19,4 |
Vestfold |
139 |
57 |
+143,9 |
25 |
16 |
+56,2 |
Telemark |
60 |
34 |
+76,5 |
13 |
17 |
-23,5 |
Aust-Agder |
36 |
21 |
+71,4 |
6 |
6 |
+0,0 |
Vest-Agder |
74 |
46 |
+60,9 |
11 |
7 |
+57,1 |
Rogaland |
116 |
74 |
+56,8 |
41 |
31 |
+32,3 |
Hordaland |
163 |
92 |
+77,2 |
55 |
48 |
+14,6 |
Sogn og Fjordane |
35 |
22 |
+59,1 |
4 |
2 |
+100 |
Møre og Romsdal |
90 |
41 |
+119,5 |
16 |
8 |
+100 |
Sør-Trøndelag |
121 |
71 |
+70,4 |
28 |
15 |
+86,7 |
Nord-Trøndelag |
36 |
13 |
+176,9 |
14 |
6 |
+133,3 |
Nordland |
73 |
58 |
+25,9 |
11 |
9 |
+22,2 |
Troms |
41 |
33 |
+24,2 |
12 |
23 |
-47,8 |
Finnmark |
19 |
11 |
+72,7 |
17 |
9 |
+88,9 |
Utanlands |
5 |
0 |
|
0 |
0 |
|
Ukjent |
1 |
0 |
|
0 |
0 |
|
Totalt |
1 858 |
1 057 |
+75,8 |
576 |
441 |
+30,6 |
Til redaksjonen:
Ved spørsmål, kontakt underdirektør ved Lausøyreavdelinga, Karl Erik Rørmark, telefon 75 00 79 89 eller e-post: karl.rormark@brreg.no
|
 |