Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 05.01.2009

Bokmål

Brønnøysundregistra på plass i Narvik

Ein grøn telefon var symbolet på at Brønnøysundregistra overtok ansvaret for rettleiingstenestene Narviktelefonane og Bedin ved nyttår. Det er framleis gratis å ringje 800 33 840 for å få rettleiing om etablering og næringsverksemd. Under ei markering ved det nye kontoret i Narvik overleverte VINN den grøne telefonen.

VINN har drive dei nasjonale rettleiingstenestene for gründarar og næringsdrivande, Narviktelefonane og www.bedin.no, sidan høvesvis 1992 og 1998. Nærings- og handelsdepartementet har avgjort at tenestene frå 2009 skal drivast i statleg regi.

I tillegg til å drive vidare desse tenestene, får det nye kontoret ei viktig rolle i arbeidet med å samordne statleg informasjon til næringslivet på Internett. Kontoret vil jobbe redaksjonelt med slik informasjon i nettstadane Bedin, Bedriftshjelp og Hjelp til regelverk (i Altinn), og ta del i arbeidet med å vidareutvikle Altinn til å bli det sentrale inngangspunktet til slik informasjon. På sikt er det planlagt at innhaldet i Bedin og Bedriftshjelp skal flyttast til Altinn.

– Det nye kontoret i Narvik er eit verdifullt tilskot til kompetansegrunnlaget i Brønnøysundregistra. No får vi sjansen til å rettleie brukarane på ein annan måte enn vi har gjort før, mellom anna ved å kome inn i etablerarane si planlegging på eit tidlegare tidspunkt, seier direktør Erik Fossum i Brønnøysundregistra.

– Samtidig vil det nye kontoret få ei viktig rolle i arbeidet med samordning av informasjon frå Staten til næringslivet på Internett, noko som er ei oppfølging av mellom anna Nærings- og handelsdepartementet sin handlingsplan om forenkling, «Tid til nyskapning».

Ved overgangen er det 12 tilsette, dei fleste av dei med lang erfaring i Narviktelefonane og Bedin, ved kontoret, og i løpet av våren vil bemanninga bli auka til 14.

Det nye kontoret vert ein seksjon under Opplysningsavdelinga, som mellom anna har ansvar for Opplysningstelefonen, Altinn brukarservice og avgivelse av registerinformasjon. Seksjonen har fått namnet Bedriftsveiledning.

Til redaksjonen:

Bilete: Administrerande direktør i VINN overleverer den grøne «narviktelefonen» til direktør Erik Fossum i Brønnøysundregistra.

For meir informasjon kontakt

kommunikasjonssjef Dan-Erik Aggvin, mobiltelefon 902 52 275

underdirektør Terje Hansen, mobiltelefon 911 19 863

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673