Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 02.01.2009

bokmål

Årsstatistikk frå Konkursregisteret

Flest konkursar i siste kvartal

Årsstatistikken for 2008 frå Konkursregisteret viser ein auke i talet på konkursar på vel 27 prosent samanlikna med 2007. Den store auken i talet på konkursar kom i løpet av fjerde kvartal.

Det blei registrert i alt 4 758 konkursar og tvangsavviklingar i 2008. Det er ein auke på 22,2 prosent frå 2007. Talet på konkursar i 2008 var 3 598 – ein auke på 27,4 prosent frå året før. Tilsvarande tal på tvangsavviklingar var 1 160 – ein auke på 8,3 prosent.

– Den store auken kom i løpet av dei siste tre månadane, der vi hadde godt over 50 prosent fleire konkursar enn i tilsvarande periode i 2007, seier underdirektør Karl Erik Rørmark ved Konkursregisteret.

– Dette kan vere dei første utslaga av finanskrisa, sjølv om det er ei stund til vi når rekorden frå 2003, med 5 072 konkursar, legg han til.
Sidan 2000 er det berre åra 2005–2007 som har hatt færre konkursar og tvangsavviklingar enn 2008.

Nesten alle aukar

Dei aller fleste fylka hadde fleire konkursar i 2008 enn året før. Auken er størst i Vest-Agder (174 prosent) og Oppland (125 prosent), mens det var nedgang bare i Finnmark (36 prosent) og Troms (12 prosent). Troms hadde likevel ein auke i tvangsavviklingar på hele 194 prosent. Nord-Trøndelag hadde dobbelt så mange tvangsavviklingar i 2008 som året før.

Private AS

Det er som før flest private aksjeselskap som går konkurs, og dei aller fleste er små og mellomstore. Nytt er det heller ikkje at dei fleste konkursane kjem innan handel, bygg/anlegg og hotell/restaurant.

Konkurskarantenar

Det er gitt 317 konkurskarantenar i 2008, mot 279 i 2007. Det er ein auke på 14 prosent.

Kva er konkurs og tvangsavvikling

Konkurs blir opna når ein person eller selskap ikkje er i stand til å dekkje sine skyldnadar eller når aksjekapitalen for selskapet er brukt opp.

Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysning, men ikkje meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret – eller når et selskap etter fleire purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Et selskap kan og tvangsoppløysast viss det ikkje sender inn årsrekneskap.


Talet på konkursar og tvangsavviklingar pr. 31.12.2008 samanlikna med tal for 2007

 

Konkursar

Tvangsavviklingar

Fylke

2008

2007

Endring %

2008

2007

Endring %

Østfold

209

175

+19,4 %

65

51

+27,5 %

Akershus

402

383

+5,0 %

149

127

+17,3 %

Oslo

647

600

+7,8 %

316

276

+14,5 %

Hedmark

101

81

+24,7 %

37

26

+42,3 %

Oppland

151

67

+125,4 %

28

26

+7,7 %

Buskerud

221

144

+53,5 %

76

61

+24,6 %

Vestfold

216

158

+36,7 %

43

55

-21,8 %

Telemark

112

85

+31,8 %

34

28

+21,4 %

Aust-Agder

74

49

+51,0 %

14

13

+7,7 %

Vest-Agder

115

42

+173,8 %

14

29

-51,7 %

Rogaland

219

120

+82,5 %

80

84

-4,8 %

Hordaland

287

215

+33,5 %

112

118

-5,1 %

Sogn og Fjordane

68

48

+41,7 %

7

6

+16,7 %

Møre og Romsdal

164

113

+45,1 %

31

41

-24,4 %

Sør-Trøndelag

224

161

+39,1 %

39

49

-20,4 %

Nord-Trøndelag

94

63

+49,2 %

18

9

+100,0 %

Nordland

166

158

+5,1 %

28

25

+12,0 %

Troms

93

106

-12,3 %

47

16

+193,8 %

Finnmark

30

47

-36,2 %

22

31

-29,0 %

Utanlands

4

5

-20,0 %

0

0

0 %

Ukjent

1

4

-75,0 %

0

0

0 %

Totalt

3 598

2 824

+27,4 %

1 160

1 071

+8,3 %

 

 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673