Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 03.07.2008

Bokmål

Halvårstal frå Konkursregisteret

Liten auke i talet på konkursar

Talet på konkursar har stige litt. Første halvår 2008 blei det registrert 1 617 konkursar. Det er ein auke på 3,2 prosent samanlikna med første halvår i 2007. I same perioden har det vore ein auke i talet på tvangsavviklingar på 5,3 prosent.

– Etter nokre år med kraftig konkursnedgang ser vi no ein liten auke igjen, men samanlikna med situasjonen for fem år sidan ligg vi godt an, seier underdirektør Karl Erik Rørmark ved Konkursregisteret i Brønnøysund. I 2003 var konkurstalet for første halvår nesten 40 prosent høgare enn i år. Rørmark meiner nedgangen dei siste åra skuldast den gode økonomiske situasjonen, som no ser ut til å ha stabilisert seg noko.

Auke i dei fleste fylka

Det har vore konkursauke i dei fleste fylka. Størst auke har det vore i Vest-Agder med 210 prosent og Oppland med 121,2 prosent. Oslo og Akershus har flest konkursar, men i begge desse fylka er det nedgang frå i fjor.

Talet på tvangsavviklingar viser også ein oppgang i tolv av fylka. Størst auke var det i Nord-Trøndelag og Troms, med høvesvis 175 og 142,9 prosent. Vest-Agder hadde den største nedgangen med 47,8 prosent.

Framleis flest private AS

974 av selskapa som har gått konkurs er private aksjeselskap. Desse tilsvarar 60 prosent av alle konkursane. 27 prosent av konkursane er personlege konkursar med enkeltpersonføretak, mens 3 prosent er personlege konkursar utan enkeltpersonføretak.

Butikkhandel framleis på toppen

Gruppert etter næringskode finn vi framleis dei fleste konkursane innan butikkhandel med 381 konkursar, deretter bygg og anlegg med 332, og restaurantverksemd med 152 konkursar.

Konkurskarantenar

Første halvår i 2008 er det registrert 186 nye konkurskarantenar. Det er flest nye konkurskarantenar i Oslo og Buskerud (26 kvar). Buskerud toppar også statistikken med 64 løpande konkurskarantenar. Oslo og Akershus er hakk i hæl med høvesvis 63 og 61. Totalt er det registrert 527 løpande konkurskarantenar.

Tingretten kan gi konkurskarantene dersom ein person med skilleg grunn blir mistenkt for ei straffbar handling i samband med sjølve konkursen eller den verksemda som har ført til insolvensen. Tingretten kan også gi karantene dersom det er truleg at vedkomande på grunn av uforsvarleg forretningsførsle er uskikka til å stifte, vere dagleg leiar eller styremedlem i eit nytt selskap.

Nedanfor finn du ei oversikt over konkursar, tvangsavviklingar og konkurskarantenar, basert på tal frå Brønnøysundregistra. Vi gjer merksam på at det er Statistisk sentralbyrå som fører den offisielle statistikken.

 

Til redaksjonen:

For ytterlegare informasjon til pressemeldinga, ta kontakt med underdirektør ved Konkursregisteret, Karl Erik Rørmark på telefon 991 08 679.

 

Talet på konkursar, tvangsavviklingar og konkurskarantenar pr. 30.06.2008:

Konkursar

Tvangsavviklingar

Konkurskarantenar

Fylke

30.06.2008

30.06.2007

Endring %

30.06.2008

30.06.2007

Endring %

Nyregistrerte
pr. 30.06.08

Løpande
pr. 30.06.08

Østfold

106

101

+5,0

42

39

+7,7

16

47

Akershus

153

229

-33,2

102

81

+25,9

21

61

Oslo

290

329

-11,9

165

174

-5,2

26

63

Hedmark

52

37

+40,5

27

16

+68,8

4

19

Oppland

73

33

+121,2

23

23

+0,0

2

12

Buskerud

92

87

+5,7

58

42

+38,1

26

64

Vestfold

83

80

+3,8

27

32

-15,6

15

32

Telemark

54

43

+25,6

25

20

+25,0

2

6

Aust-Agder

34

22

+54,5

6

6

+0,0

6

21

Vest-Agder

62

20

+210,0

12

23

-47,8

2

10

Rogaland

106

78

+35,9

55

61

-9,8

14

38

Hordaland

141

111

+27,0

87

94

-7,4

11

27

Sogn og Fjordane

32

32

+0,0

6

5

+20,0

1

5

Møre og Romsdal

64

63

+1,6

28

24

+16,7

8

26

Sør-Trøndelag

106

80

+32,5

30

37

-18,9

8

21

Nord-Trøndelag

30

39

-23,1

11

4

+175,0

1

11

Nordland

80

85

-5,9

16

16

+0,0

3

16

Troms

44

68

-35,3

34

14

+142,9

8

19

Finnmark

14

26

-46,2

14

18

-22,2

6

12

Utanlands

1

3

-66,7

0

0

0,0

6

16

Ukjent

0

1

-100,0

0

0

0,0

0

1

Sum

1 617

1 567

+3,2

768

729

+5,3

186

527



       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673