Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 22.02.2008

Bokmål

Siste frist for 12 allmennaksjeselskap

12 allmennaksjeselskap (ASA) får no varsel med kunngjering om at dei har fire veker på seg til å oppnå riktig kjønnsbalanse i styret. Dersom ikkje, vil dei bli sende til tingretten for tvangsoppløysing.

I veke 3 fekk 77 ASA-selskap varsel om at dei ikkje fylte lova sitt krav om representasjon av begge kjønn i styret. Selskapa fekk då ein månad på seg til å ordne opp, og det har altså 65 av dei fått til.

No blir varselet gjenteke ved at dei 12 selskapa blir kunngjorde på Brønnøysundregistra sine internettsider og i ei avis på heimstaden, slik lova krev.

– Den nye firevekersfristen gir ein siste sjanse til å sørgje for riktig kjønnsbalanse i styret, seier underdirektør Øyvind Vågan ved Føretaksregisteret.
Per i dag er det registrert til saman 463 ASA i Føretaksregisteret.

Allmennaksjeselskap som risikerer tvangsoppløysing
Namn
Organisasjonsnr.

APL ASA

979 871 139

BB RÅDGIVNING ASA

989 217 259

EMT ELECTROMAGNETIC TECHNOLOGY RESEARCH ASA

980 149 633

FACTOR INSURANCE GROUP ASA

980 855 376

FREDRIKSTAD FOTBALLKLUBB SPORT ASA

979 111 576

FRONTIER DRILLING ASA

877 241 602

GREENTECH HOLDING ASA

982 673 550

NETFONDS HOLDING ASA

988 861 391

OCEAN RIG ASA

976 769 643

RUSSIA BALTIC PORK INVEST ASA

986 500 774

RUSTAD & PARTNERS INTERNATIONAL BROKERS ASA

934 010 388

ROXAR ASA

966 770 198


       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673