 |
Over 23 500 hadde ikkje sendt inn årsrekneskap
Då Rekneskapsregisteret sjekka status 1. september 2007, mangla 23 507 årsrekneskap for rekneskapsåret 2006. Dette utgjer 11,8 prosent av dei drygt 199 000 innsendingspliktige. Det er ein auke samanlikna med i fjor, då 9,7 prosent av dei innsendingspliktige ikkje hadde levert innan fristen.
– Også i år er det gitt utsett frist til 31. august for innsending til Rekneskapsregisteret for dei som bruker Altinn. Derfor er det lurt av etternølarane å sende inn gjennom Altinn. Det reduserer storleiken på forseinkingsgebyret, seier avdelingsdirektør Ketil Ingebrigtsen ved Næringsavdelinga.
Nytt av året
Stiftingar, bustadbyggjelag, burettslag, partreiarlag, verdipapirfond og statsføretak risikerer å måtte betale forseinkingsgebyr for første gong i år. Av desse mangla 21,8 prosent då fristen gjekk ut. Hovudmengda av desse er stiftingar.
Aksjeselskap, allmennaksjeselskap, gjensidige forsikringsselskap, sparebankar og petroleumsselskap har også tidlegare år risikert å måtte betale forseinkingsgebyr. Av desse mangla Rekneskapsregisteret 10,9 prosent.
Gjengangarar
14 652 (62,3 %) av einingane som blir pålagd forseinkingsgebyr i år har også vore pålagd gebyr tidlegare. Av desse har 4 024 (17,1 %) blitt pålagd forseinkingsgebyr for andre gong, 1 942 (8,3 %) for tredje gong, og 2 889 (12,3 %) meir enn tre gonger.
For aksjeselskap, allmennaksjeselskap eller bustadbyggjelag som ikkje har sendt inn årsrekneskapen innan seks månader etter at fristen gjekk ut, vil Rekneskapsregisteret sende melding til tingretten, som så avgjer om eininga skal tvangsoppløysast.
Til redaksjonen:
Nedanfor finn du fylkesvis oversikt over talet på einingar som per 1. september 2007 ikkje hadde sendt inn årsrekneskapen innan fristen.
For meir informasjon, kontakt avdelingsdirektør ved Brønnøysundregistra, Ketil Ingebrigtsen på telefon
75 00 77 45 / mobil 481 74 076.
Talet på einingar som ikkje hadde sendt inn komplett årsrekneskap
innan fristen, fordelt på fylke:
|
Fylke
|
Pr. 01.09 2007
|
Pr. 02.09.2006
|
|
Østfold
|
1 112
|
665
|
|
Akershus
|
2 428
|
1 650
|
|
Oslo
|
5 640
|
3 548
|
|
Hedmark
|
548
|
285
|
|
Oppland
|
547
|
321
|
|
Buskerud
|
1 068
|
657
|
|
Vestfold
|
943
|
587
|
|
Telemark
|
607
|
327
|
|
Aust-Agder
|
308
|
149
|
|
Vest-Agder
|
506
|
309
|
|
Rogaland
|
1 492
|
886
|
|
Hordaland
|
2 872
|
1 814
|
|
Sogn og Fjordane
|
395
|
196
|
|
Møre og Romsdal
|
1 058
|
769
|
|
Sør-Trøndelag
|
1 341
|
669
|
|
Nord-Trøndelag
|
456
|
239
|
|
Nordland
|
1 081
|
697
|
|
Troms
|
765
|
548
|
|
Finnmark
|
340
|
270
|
|
Ishavsøyane
|
0
|
11
|
|
Totalt
|
23 507
|
14 597
|
|
 |