 |
Kvartalstal frå Konkursregisteret:
Auke i konkursar og tvangsavviklingar
Statistikk for 1. kvartal frå Konkursregisteret viser at konkurstala for dei tre første månadene i år har auka med 4,4 %. Det blei opna 877 konkursar mot 840 i same periode i 2006. Talet på tvangsavviklingar har også auka frå 313 i fjor til 349 i år. Det er ein auke på 11,5 %.
Det er store variasjonar mellom fylka. Konkursauken var størst i Sogn og Fjordane, der talet på konkursar blei dobla samanlikna med i fjor, etterfølgt av Akershus med ein auke på 59 %.
Det finst også fylke med nedgang i talet på konkursar. Hedmark hadde ein nedgang på 54 %, mens Telemark hadde ein nedgang på 51 %.
Når det gjeld tvangsavviklingar er det Møre og Romsdal som har hatt den største auken sidan i fjor med 160 %, følgt av Hedmark med 133 %.
Flest private AS
Over halvparten, heile 462 av konkursane, var i private aksjeselskap. Dette talet er nesten det same som i fjor, då 460 av konkursane var i private aksjeselskap. Elles var det 292 personlege konkursar med enkeltpersonføretak, ein auke på 45 %, mens det var 43 personlege konkursar utan enkeltpersonføretak. Dette er ein nedgang på 69 %.
Butikk og bygg- og anleggsverksemd
Dei fleste konkursane skjer i bransjen varehandel der det var 182 konkursar og 95 tvangsavviklingar i første kvartal. Bygg- og anleggsverksemd og restaurantverksemd følgjer hakk i hæl. Bygg- og anleggsverksemd har 76 konkursar og 35 tvangsavviklingar, mens restaurantverksemd har 61 konkursar og 28 tvangsavviklingar.
Konkurskarantenar
I første kvartal i år blei det registrert 65 nye konkurskarantenar. Dette er ein nedgang på 15,6 %. 528 personar hadde løpande konkurskarantenar, mot 540 i same periode i fjor. Det er ein nedgang på 2,2 prosent. Dei fleste nye konkurskarantenar er registrerte i Rogaland (11) og i Oslo (9). Dei fleste løpande konkurskarantenar finn vi i Buskerud (58) og i Akershus (57).
|
Konkursar |
Tvangsavviklingar |
Fylke |
2007 |
2006 |
Endring % |
2007 |
2006 |
Endring % |
Østfold |
56 |
38 |
+47,4 % |
22 |
13 |
+69,2 % |
Akershus |
132 |
83 |
+59,0 % |
29 |
28 |
+3,6 % |
Oslo |
175 |
152 |
+15,1 % |
94 |
99 |
-5,1 % |
Hedmark |
17 |
37 |
-54,1 % |
7 |
3 |
+133,3 % |
Oppland |
16 |
32 |
-50,0 % |
9 |
8 |
+12,5 % |
Buskerud |
52 |
47 |
+10,6 % |
20 |
10 |
+100,0 % |
Vestfold |
41 |
51 |
-19,6 % |
19 |
23 |
-17,4 % |
Telemark |
18 |
37 |
-51,4 % |
9 |
5 |
+80,0 % |
Aust-Agder |
14 |
12 |
+16,7 % |
5 |
6 |
-16,7 % |
Vest-Agder |
13 |
14 |
-7,1 % |
7 |
12 |
-41,7 % |
Rogaland |
41 |
49 |
-16,3 % |
24 |
21 |
+14,3 % |
Hordaland |
70 |
62 |
+12,9 % |
45 |
35 |
+28,6 % |
Sogn og Fjordane |
20 |
10 |
+100,0 % |
2 |
2 |
+0,0 % |
Møre og Romsdal |
36 |
35 |
+2,9 % |
13 |
5 |
+160,0 % |
Sør-Trøndelag |
48 |
45 |
+6,7 % |
24 |
15 |
+60,0 % |
Nord-Trøndelag |
25 |
22 |
+13,6 % |
1 |
4 |
-75,0 % |
Nordland |
52 |
59 |
-11,9 % |
8 |
9 |
-11,1 % |
Troms |
37 |
38 |
-2,6 % |
8 |
10 |
-20,0 % |
Finnmark |
14 |
12 |
+16,7 % |
3 |
5 |
-40,0 % |
Utanlands |
0 |
2 |
-100,00 % |
0 |
0 |
+0,0 % |
Ukjent |
0 |
3 |
-100,00 % |
0 |
0 |
3 % |
Totalt |
877 |
840 |
4,4 % |
349 |
313 |
11,5 % |
Til redaksjonen:
Ved spørsmål, kontakt avdelingsdirektør ved Lausøyreavdelinga, Eirik Kristiansen
telefon 75 00 79 06 eller e-post: eirik.kristiansen@brreg.no
|
 |