Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 04.01.2007

bokmåål

2006-tal frå Føretaksregisteret

70 prosent auke i nyregistrerte aksjeselskap

Det blei registrert 70 prosent fleire aksjeselskap i Føretaksregisteret i 2006 enn året før. Ei av årsakene er eit etterslep på rundt 14 000 nye AS i samband med dei endra skattereglane i 2005. Ser vi bort frå dette er det likevel ei rekordhøg mengd nyregistrerte aksjeselskap.

- Auken har vore på 45 prosent når vi ser alle organisasjonsformane under eitt. Ved førre årsskiftet sat vi igjen med 14 000 ubehandla meldingar om nye aksjeselskap som kom inn i desember i samband med endra skattereglar. Desse hadde vi ikkje moglegheit til å behandle før på nyåret i fjor, og dei utgjer ein stor del av voksteren. Samanlikna med tidlegare "normalår" reprtesenterer talet pånyregistrerte aksjeselskap i 2006 ein auke på rundt 60 prosent dersom nyregistreringar grunna endra skatteraglar blir haldne utanfor, seier underdirektør Øyvind Vågan.

49 000 nye selskap

Totalt var det ved årsskiftet registrert 382 760 føretak i Føretaksregisteret. Det blei registrert heile 49 163 nye selskap fordelt på alle organisasjonsformene. Det er ein auke på 45 prosent frå året før. Av desse er det 34 813 nyregistrerte aksjeselskap, ein auke på 70 prosent. Det er no registrert totalt 192 168 aksjeselskap i Føretaksregisteret. Det utgjer vel 50 prosent av den totale bestanden i Føretaksregisteret.

Enkeltpersonføretak aukar igjen

Mengda avnye enkeltpersonføretak som er registrerte i Føretaksregisteret, stig igjen etter ein nedgang på 12 prosent i 2005. Det blei i fjor registrert 7 232 nye enkeltpersonføretak i Føretaksregisteret, ein auke på 8,3 prosent. 127 033 enkeltpersonføretak står no registrert i Føretaksregisteret. I tillegg er 191 638 enkeltpersonføretak kun registrert i Einingsregisteret. Enkeltpersonføretak som driv handel med innkjøpte varer eller har meir enn fem tilsette i hovudstilling, pliktar å registrere seg i Føretaksregisteret. Andre enkeltpersonføretak kan registrere seg på frivillig basis.

Fleire NUFar

Ei veksande organisasjonsform i Føretaksregisteret er norske avdelingar av utanlandske føretak, såkalla NUF. Samanlikna med 2005 har talet på nyregistrerte NUF flata ut i 2006. Det blei i fjor registrert 2 618 nye NUF i Føretaksregisteret, og bestanden var ved årsskiftet på 7 742.

Flest i Oslo

Det har vore auke i mengda nyregistreringar i alle fylka i Noreg. Det er som tidlegare år områda rundt dei store byane som toppar statistikken over nyregistreringar. Flest nyregistrerte var det i fylka Oslo (9 535, pluss 38 prosent), Akershus (5297, pluss 48 prosent) og Hordaland (5050, pluss 63 prosent). Det er også Hordaland som har den største prosentvise auken i talet på nyregistreringar.

Færre slettingar

Nedgangen i talet slettingar i Føretaksregisteret fortset også i 2006. 15 011 selskap blei sletta mot 15 265 i 2005, ein nedgang på 1,7 prosent. Nedgangen i 2005 var på 9,3 prosent. Netto tilvekst i Føretaksregisteret i 2006 var 34 152 føretak. Totalt er det no registrert 382 760 føretak i Føretaksregisteret.

 

 

Registreringar og slettingar i Føretaksregisteret fordelte på fylke

Fylke

Bestand pr 31.12.2006

Registert 2006

Sletta 2006

Registrert 2005

Sletta 2005

Østfold

20 580

2 304

790

1 603

754

Akershus

40 842

5 297

1 585

3 587

1 671

Oslo

69 632

9 535

3 197

6 910

3 427

Hedmark

12 555

1 357

395

934

427

Oppland

13 448

1 491

403

1167

468

Buskerud

21 101

2 534

796

1 940

823

Vestfold

19 074

2 385

744

1 689

737

Telemark

12 831

1 383

435

1078

445

Aust-Agder

7 819

917

271

696

242

Vest-Agder

13 579

1996

485

1335

453

Rogaland

29 018

4 468

1 077

2 916

1 090

Hordaland

33 871

5 050

1 362

3 097

1 318

Sogn og Fjordane

7 792

925

261

590

274

Møre og Romsdal

19 295

2 220

712

1 406

717

Sør-Trøndelag

19 358

2 768

775

1 800

747

Nord-Trøndelag

8 559

956

274

665

285

Nordland

16 627

1 725

705

1 235

677

Troms

10 751

1226

494

847

450

Finnmark

5 806

553

232

391

254

Ishavsøyane/Sokkelen/Div

222

73

18

34

6

Totalt

382 760

49 163

15 011

33 920

15 265


Registreringar og slettingar i Føretaksregisteret fordelte på organisasjonsformar

Organisasjonsform

Bestand pr. 31.12.2006

Registrert 2006

Sletta 2006

Registrert 2005

Sletta 2005

Ansvarleg selskap

20 956

735

701

853

631

Aksjeselskap

192 168

34 813

8 390

20 462

9 802

Allmennaksjeselskap

505

36

22

35

36

Selskap med avgrensa ansvar

2 266

116

67

107

56

Boligbyggjelag

114

3

5

5

1

Burettslag

7 667

489

18

405

12

Ansvarleg selskap med delt ansvar

17 867

2 352

467

2 206

351

Enkeltpersonføretak

127 033

7 232

4 623

6 680

3 974

Eigarseksjonssameige

2 192

513

1

419

1

Fylkeskommunalt føretak

13

0

0

1

0

Foreining/lag/innretning

817

54

27

44

21

Gjensidig forsikringsselskap

53

0

0

0

0

Interkommunalt selskap

211

23

6

38

4

Kommunalt føretak

218

25

12

19

5

Kommantittselskap

1 012

105

119

121

72

Norskregistrert utanlandsk føretak

7 742

2 618

442

2 479

194

Partreiarlag

751

17

84

28

76

Statsføretak

5

0

0

0

0

Sparebank

125

0

0

0

1

Stifting

977

30

27

18

22

Andre føretak iflg. særskilt lov

68

2

0

0

6

Totalt

382 760

49 163

15 011

33 920

15 265

 

 

 


 

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673