Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 08.12.2006

Bokmål

Forseinkingsgebyr for stiftingar

9 123 stiftingar får i desse dagar brev frå Rekneskapsregisteret i Brønnøysund med melding om at det frå og med rekneskapsåret 2006 vil bli kravd forseinkingsgebyr dersom årsrekneskapen ikkje er innsend før 1. august 2007.

– Stiftingar har innsendingsplikt på lik linje med andre organisasjonsformer, og frå og med inneverande rekneskapsår vil det bli kravd forseinkingsgebyr også frå etternølarar blant stiftingane, seier underdirektør Gisle Tøgersen ved Rekneskapsregisteret.

Tilrår elektronisk innsending

Innsendingsplikta gjeld frå opprettinga og heilt til stiftinga er endeleg sletta i Einingsregisteret. Komplett årsrekneskap med vedlegg skal sendast samla til Rekneskapsregisteret før 1. august året etter det aktuelle rekneskapsåret. Innsendinga kan skje elektronisk via www.altinn.no eller per post.

Kan bli dyrt

På same måten som i andre organisasjonsformer vil styremedlemene vere solidarisk ansvarlege for betaling av forseinkingsgebyret dersom ikkje stiftinga gjer opp for seg. Per i dag kan forseinkingsgebyret maksimalt kome opp i 44 720 kroner.

Får tid på seg

Meldinga om at også stiftingane vil få krav om forseinkingsgebyr blir send ut i god tid fordi det plar ta lang tid å avvikle ei stifting.

– Dermed gir vi også stiftingar utan aktivitet eit betre høve til å få ordna med sletting før det blir snakk om gebyr, seier Tøgersen.

Ved avvikling

Avvikling skal meldast på blanketten «Samordna registermelding», som kan lastast ned frå www.brreg.no eller bestillast via telefon 75 00 75 00. Utfylt blankett og protokoll frå styret som inneheld vedtak om omdanning skal sendast til Einings- og Føretaksregisteret, som sender saka vidare til Lotteri- og stiftelsestilsynet for behandling. Prosessen er grundig beskriven på Stiftelsestilsynet sine heimesider www.lottstift.no.


Til redaksjonen:

For meir informasjon, kontakt:

Underdirektør Gisle Tøgersen, telefon 75 00 77 85 eller e-post mailto:gisle.togersen@brreg.no.

       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673