Ein av ti har ikkje sendt inn årsrekneskap
14 597 årsrekneskap for rekneskapsåret 2005 mangla då Rekneskapsregisteret i Brønnøysund sjekka status 1. september. Dette utgjer 9,7 prosent av dei totalt 150 223 innsendingspliktige selskapa. Då fristen gjekk ut i fjor, var den tilsvarande prosenten 4,7.
- Det er også i år gitt utsett frist til 1. september med innsending til Rekneskapsregisteret for dei som nyttar Altinn, seier underdirektør Gisle Tøgersen ved Rekneskapsregisteret. Dermed vil det vere lurt av alle etternølarane å sende inn via Altinn. Det vil redusere storleiken på forseinkingsgebyret.
Høge mål om elektronisk levering
- Rekneskapsregisteret hadde motteke 80 000 årsrekneskap elektronisk då fristen gjekk ut, 1. september. Det tilsvarande talet i fjor var 31 000. Dette er ein auke på 158 prosent, seier Tøgersen, som reknar med at 45 prosent av årsrekneskapane for heile året blir leverte elektronisk.
- Det vil vi vere nøgde med, sjølv om målet var 50 prosent, seier han. Målet for neste år er at 65 prosent av årsrekneskapane skal bli leverte elektronisk.
Gjengangarar
7 094 (48,6 %) av selskapa som må betale forseinkingsgebyr i år, har også måtta betale tidlegare. Av desse har 3 086 (21,1 %) måtta betale forseinkingsgebyr for andre gong, 1 673 (11,5 %) for tredje gong og 2 335 (16 %) selskap meir enn tre gonger.
Har ikkje selskapet sendt inn årsrekneskapen innan seks månader etter at fristen gjekk ut, sender Rekneskapsregisteret melding til tingretten, som så avgjer om selskapet skal tvangsoppløysast.
Til redaksjonen:
Nedanfor finn du fylkesvis oversikt over kor mange selskap som per 1. september 2006 ikkje har sendt inn årsrekneskapen innan fristen.
For meir informasjon, kontakt underdirektør ved Brønnøysundregistra, Gisle Tøgersen, på telefon 75 00 77 85.
Talet på selskap som ikkje har sendt inn årsrekneskapen
innan fristen, fordelt på fylke:
|
Fylke
|
Pr. 01.09 2006
|
Pr. 02.09.2005
|
|
Østfold
|
665
|
264
|
|
Akershus
|
1 650
|
771
|
|
Oslo
|
3 548
|
1 787
|
|
Hedmark
|
285
|
130
|
|
Oppland
|
321
|
119
|
|
Buskerud
|
657
|
349
|
|
Vestfold
|
587
|
258
|
|
Telemark
|
327
|
134
|
|
Aust-Agder
|
149
|
68
|
|
Vest-Agder
|
309
|
140
|
|
Rogaland
|
886
|
387
|
|
Hordaland
|
1 814
|
823
|
|
Sogn og Fjordane
|
196
|
90
|
|
Møre og Romsdal
|
769
|
302
|
|
Sør-Trøndelag
|
669
|
309
|
|
Nord-Trøndelag
|
239
|
112
|
|
Nordland
|
697
|
308
|
|
Troms
|
548
|
310
|
|
Finnmark
|
270
|
121
|
|
Ishavsøyane
|
11
|
11
|
|
Totalt
|
14 597
|
6 793
|
|