Manglar årsrekneskap frå 540 selskap
Pr. 1. april 2006 mangla Rekneskapsregisteret i Brønnøysund 540 årsrekneskapar for rekneskapsåret 2004. Dei aksjeselskapa som enno ikkje har send inn årsrekneskapen, blir i dag kunngjorde på Brønnøysundregistra sine kunngjeringssider og i lokalaviser. Absolutt siste frist for innsending av komplett årsrekneskap, dersom selskapa vil unngå tvangsavvikling, er sett til 19. mai.
- Vi har no sett absolutt siste frist for innsending av komplette dokument til 19. mai 2006. Dersom dei aksjeselskapa dette gjeld ikkje overheld denne fristen, står dei i fare for å bli tvangsoppløyste. Når det har gått eit halvt år over fristen utan at rekneskapane er sende inn, pliktar Rekneskapsregisteret å melde frå til tingretten om at vilkåra for tvangsavvikling er til stades, seier underdirektør ved Rekneskapsregisteret, Gisle Tøgersen.
Merkbar nedgang
- Vi har pr. 1. april hatt ein nedgang på heile 30 prosent samanlikna med året før. Då var det 773 selskap, det vil seie 0,54 prosent, som ikkje hadde sendt inn rekneskapane sine. For rekneskapsåret 2004 er det altså 540 av totalt 144 649 aksjeselskap, som ikkje har oppfylt innsendingsplikta sil. Dette utgjer 0,37 prosent av dei innsendingspliktige. Desse blir no kunngjorde på Internett og i lokalaviser, seier Tøgersen.
Flest i Oslo, færrast i Aust-Agder
Det er tre fylke som toppar statistikken over aksjeselskap som ikkje har sendt inn årsrekneskapen for 2004. I Oslo gjeld dette 154 selskap, i i Akershus 66 selskap og i Hordaland 65 selskap. Heilt nedst på lista ligg Telemark med fem selskap, og Aust-Agder med berre tre selskap.
Fylkesoversikt over selskap som ikkje har sendt inn årsrekneskap for 2004 og 2003
Fylke |
|
|
Østfold |
|
|
Akershus |
|
|
Oslo |
|
|
Hedmark |
|
|
Oppland |
|
|
Buskerud |
|
|
Vestfold |
|
|
Telemark |
|
|
Aust-Agder |
|
|
Vest-Agder |
|
|
Rogaland |
|
|
Hordaland |
|
|
Sogn og Fjordane |
|
|
Møre og Romsdal |
|
|
Sør-Trøndelag |
|
|
Nord-Trøndelag |
|
|
Nordland |
|
|
Troms |
|
|
Finnmark |
|
20 |
Ishavsøyane |
|
|
Totalt |
|
|
|