 |
Næringslivet spart for 580 årsverk i statleg byråkrati i 2005
Næringslivet brukar stadig mindre tid på statlege skjema. Nye tal frå Oppgåveregisteret i Brønnøysund viser at arbeidet med å redusere næringslivets administrative byrder gir resultat. Norsk næringsliv har i 2005 brukt 580 færre årsverk i arbeidet med utfylling av statlege skjema enn året før. Dette er det beste forenklingsresultatet nokon gong sidan Oppgåveregisteret vart etablert i 1998.
– Det er svært gledeleg at vi no ser konkrete resultat av lang tids satsing på forenkling for næringslivet, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen. – Dette er eit resultat som gir inspirasjon til den vidare satsinga på forenkling.
Elektronisk innrapportering
Det aller meste av nedgangen i 2005 skuldast overgang til elektronisk innrapportering. Skatteetaten har, gjennom offensiv satsing på elektronisk utfylling og innsending av skjema i Altinn, fått til ein reduksjon i tidsbruken ved utfylling av sjølvmeldinga for næringsdrivande på om lag 477 årsverk.
Fleire etatar har forenkla
Eit samarbeid mellom Noregs Bank, Toll- og avgiftsdirektoratet og Statistisk sentralbyrå om utanriksrapportering har ført til ei samla forenkling på 26 årsverk. Rikstrygdeverket har gjennom bruk av elektroniske løysingar fått til ein reduksjon på 17 årsverk. Skatteetaten, som har fått mykje kritikk for å ha auka belastninga gjennom innføringa av aksjonærregisteret, har i 2005 fått til ei viss forenkling av denne. I alt har dei gjennom arbeid på ulike område forenkla og samordna bort arbeid som utgjorde 59 årsverk for næringslivet.
Nøgd med resultatet
Heile 10 ulike etatar har meldt om forenklings- og samordningstiltak med positive effektar i 2005.
– Me er godt nøgde med å kunne presentere så gode resultat av forenklingsarbeidet for næringslivet. Eg vil berømme arbeidet som er gjort i etatane, og betydninga av samarbeidet mellom etatane og Oppgåveregisteret for å få ein enklare skjemakvardag for dei mange små og mellomstore bedriftene i landet, seier avdelingsdirektør Ketil Ingebrigtsen ved Brønnøysundregistra.
Skipsregistra
Oversikta frå Oppgåveregisteret viser blant anna at Skipsregistra har redusert tida brukt til å fylle ut eit skjema med heile 25 prosent, gjennom å hente informasjon om dei næringsdrivande (grunndata) direkte frå Einingsregisteret.
Ytterlegare reduksjon
– Desse resultata viser samtidig at det er potensial for ytterlegare reduksjon, sjølv om vi ikkje skal forvente slike høge tal kvart år, seier næringsministeren. – Tala gir oss gode argument for å få gjennomført målsetjinga om at ein næringsdrivande skal kunne finne alle offentlege skjema elektronisk tilgjengelege i Altinn. Årets statistikk viser at me har meir å vinne på å gjenbruke all den informasjonen som Einingsregisteret har om den enkelte næringsdrivande, seier Odd Eriksen.
Det er registrert 33 nye skjema i 2005, men desse utgjer berre ei belastning på ca. 4 årsverk.
Fakta om utviklinga i næringslivets belastning:
|
1998 |
1999 |
2000 |
2001 |
2002 |
2003 |
2004 |
2005 |
Nye registrerte oppgåveplikter i perioden |
60,4 |
11,3 |
16,3 |
1,8 |
2,7 |
8,8 |
30,6 |
4,1 |
Samordnings- og forenklingstiltak i perioden |
-12,5 |
-15,6 |
-32,0 |
-65,5 |
-90,4 |
-52,0 |
-78,3 |
-585,0 |
Netto endring |
47,9 |
- 4,3 |
- 15,7 |
- 63,8 |
- 87,7 |
- 43,2 |
- 47,7 |
- 580,9 |
Sjå belastningsstatistikken frå Oppgåveregisteret
|
 |