Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 19.08.2005

Bokmål

Nye lover om burettslag og bustadbyggjelag

15. august tok dei nye lovene om burettslag og bustadbyggjelag til å gjelde. Ei av endringane i lovene inneber at både burettslag og bustadbyggjelag må registrere seg i Føretaksregisteret innan tre månader etter at dei er blitt stifta. Det blir også stilt krav om at bustadbyggjelag skal ha ein kapital på til saman 100 000 kroner, og minst tjue partseigarar ved stiftinga.

Endra roller

Etter 15. august skal eit burettslag ha eit styre som består av leiar og minst to medlemer. Kravet om varamedlemer er falle bort. No kan også forretningsføraren vere styremedlem og ha signaturrett.
Ifølgje bustadbyggjelagslova blir det krav om å ha ein dagleg leiar, men denne personen kan ikkje vere styreleiar. Det er no krav om berre eitt varamedlem mot tidlegare to. Det vil også bli eit utvida tilgjenge til å gje signaturar.

Oppløysing av burettslag og bustadbyggjelag

Når ein skal oppløyse eit burettslag eller eit bustadbyggjelag, skal det gjerast vedtak om dette på to generalforsamlingar med eit mellomrom på minst fire veker. Vedtaket skal meldast til Føretaksregisteret, som skal kunngjere oppløysinga. Etter den gamle lova gjorde selskapa dette sjølv. Kreditorfristen er også endra frå seks til to månader.

Bustadbyggjelagslova hadde tidlegare ingen reglar om tvangsavvikling. Etter 15. august blir det mogeleg å tvangsavvikle eit bustadbyggjelag.

Fusjon og fisjon

Vedtak om fusjon må meldast til Føretaksregisteret innan ein månad. Føretaksregisteret kunngjer vedtaket. Kreditorfristen blir endra frå tre til to månader.

Samanlikna med tidlegare lov, er fisjon av burettslag no mogeleg. Eit burettslag kan overdra nokre av bustadene, andre eigedelar og eventuelle plikter til eit nytt lag. Når det gjeld melding til Føretaksregisteret, kreditorvarsel og innvendinger, gjeld tilsvarande reglar som for fusjon.

Blir registrert i grunnboka

For framtida skal alle burettslagsbustader registrerast i grunnboka. Målet er at grunnboka skal fungere som rettsregister for burettslagsbustader frå 1. juli 2006. Eigarar og kjøparar av burettslagsbustader får då den same tryggje registreringsordning som andre sjølveigarar.

For meir informasjon, sjå www.brreg.no/hyheter/2005/08/borettslags_boligbyggelagslover_n.html



       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673