 |
Halvårstal frå Konkursregisteret:
Konkursnedgang på andre året
Talet på konkursar søkk stadig. 2 083 konkursar i første halvår 2005 er ein nedgang på 9,2 prosent samanlikna med første halvår 2004. Den positive trenden har heldt seg heilt sidan første kvartal 2004. Det har også vore færre tvangsavviklingar i første halvår. Talet her er 623 - ein nedgang på heile 27,3 prosent.
Nærings- og handelsminister Børge Brende synest dette er ein positiv utvikling. – Dette viser at vi har mange levedyktige og gode norske bedrifter, seier Brende.
Berre seks fylke aukar
Heile 13 fylke har hatt færre konkursar enn i same perioden i 2004. Nedgangen er størst i Buskerud med 34 prosent, mens Sør-Trøndelag kan vise til ein nedgang på 30 prosent. Finnmark har hatt ein auke på 20 prosent. Dei mest stabile er Vest-Agder og Sogn og Fjordane. Tala for tvangsavviklingar sprikjer som dei har gjort tidlegare. Vest-Agder har ein auke på 50 prosent, mens Buskerud har ein nedgang på 65 prosent.
AS og småselskap i fleirtal
Det er framleis i private aksjeselskap vi finn dei fleste konkursane. Det blei opna konkurs i 1123 slike selskap det første halvåret. Det blei opna 892 personlege konkursar. 569 av desse var konkursar med enkeltpersonføretak, mens 323 var konkursar utan enkeltpersonføretak. Den siste gruppa auka med heile 64 prosent samanlikna med 2004-tala.
Varehandelen framleis mest utsett
Gruppert etter næringskode finn vi framleis dei fleste konkursane innan varehandel, som står for 220 konkursar. Innan restaurantverksemd er det tilsvarande talet 171, mens byggje- og anleggsverksemd har hatt 123 konkursar.
Konkurskarantene
Første halvår i 2005 er det registrert 144 nye konkurskarantenar og 524 personar med løpande konkurskarantenar. Flest nye karantenar er registrerte i Akershus (20) og Oslo (18). I Oslo er det pr. 1. juli registrert 75 løpande konkurskarantenar. Tingretten kan gje konkurskarantene dersom ein person med skilleg grunn blir mistenkt for ei straffbar handling i samband med sjølve konkursen eller den verksemda som har ført til insolvensen.
Tingretten kan også påleggje karantene dersom det er truleg at vedkomande på grunn av uforsvarleg forretningsførsle er uskikka til å stifte, vere dagleg leiar eller styremedlem i eit nytt selskap.
Nedanfor finn du ei oversikt over konkursar, tvangsavviklingar og konkurskarantenar, basert på tal frå Brønnøysundregistra. Vi gjer merksam på at den offisielle statistikken blir førd av Statistisk sentralbyrå.
Til redaksjonen: For meir informasjon til pressemeldinga, ta kontakt med underdirektør ved Konkursregisteret, Karl Erik Rørmark på telefon 75 00 79 89.
Talet på konkursar, tvangsavviklingar og konkurskarantenar pr. 30.06.2005:
|
|
|
Fylke |
30.06.2005 |
|
|
|
|
|
Nyregistrerte
pr. 30.06.05
|
|
Østfold |
142 |
|
+22,4 |
|
|
-42,3 |
|
|
Akershus |
289 |
|
|
|
|
-43,7 |
|
|
Oslo |
421 |
|
|
|
|
-28,8 |
|
|
Hedmark |
67 |
|
|
|
|
+36,4 |
|
|
Oppland |
49 |
|
|
|
|
-47,6 |
|
|
Buskerud |
77 |
|
|
|
|
-65,5 |
|
|
Vestfold |
108 |
|
|
|
|
-11,4 |
|
|
Telemark |
75 |
|
|
|
|
-62,5 |
|
|
Aust-Agder |
29 |
|
|
|
|
+20,0 |
|
|
Vest-Agder |
47 |
|
|
|
|
+50,0 |
|
|
Rogaland |
121 |
|
|
|
|
-54,3 |
|
|
Hordaland |
138 |
|
|
|
|
+20,3 |
|
|
Sogn og Fjordane |
36 |
|
|
|
|
-75,0 |
|
|
Møre og Romsdal |
88 |
|
|
|
|
-25,8 |
|
|
Sør-Trøndelag |
102 |
|
|
|
|
+17,6 |
|
|
Nord-Trøndelag |
37 |
|
|
|
|
+9,1 |
|
|
Nordland |
139 |
|
|
|
|
-7,1 |
|
|
Troms |
79 |
|
|
|
|
-60,0 |
|
|
Finnmark |
35 |
|
|
|
|
+29,4 |
|
|
Ishavsøyane |
0 |
|
|
|
|
|
|
|
Utanlands |
4 |
|
|
|
|
0,0 |
|
|
Ukjent |
0 |
|
|
|
|
0,0 |
|
|
Sum |
2 083 |
|
|
|
|
|
|
|
|
 |