Utsett frist for årsrekneskapen ved å bruke Altinn
Finansdepartementet har nyleg fremja eit lovforslag om ein månads utsett frist for dei selskapa som sender inn årsrekneskapen via Altinn. Målet med dette er å stimulere til auka bruk av Altinn, og få fleire til å sende inn årsrekneskapane elektronisk i staden for på papir.
- Når departementet foreslår ein månads utsett frist, håper Rekneskapsregisteret at dei som er pliktige til å sende inn årsrekneskap blir motiverte til å kome over terskelen når dei skal bruke Altinn første gongen. Papirbaserte rekneskapar inneber ei ressurskrevjande oppfølging i form av manuell registrering i rekneskapsdatabasen. Elektronisk innlevering av årsrekneskap gjennom Altinn vil gi ei vesentleg meir effektiv registrering og enklare saksbehandling i Rekneskapsregisteret, og vil kome brukarane til gode, seier underdirektør Gisle Tøgersen i Rekneskapsregisteret.
Utset forseinkingsgebyret
Det som ligg i lovforslaget er at fristen for innsending framleis vil vere 1. august som tidlegare, men at dei som sender inn årsrekneskapen elektronisk gjennom Altinn, ikkje må betale forseinkingsgebyr før etter 1. september.
Få elektroniske årsrekneskapar
I 2004 var det 155 000 selskap som var pliktige til å sende inn årsrekneskap. Berre vel 9 000 sende inn årsrekneskapane elektronisk, eller knapt 6 prosent. Ved å utsetje fristen håper Rekneskapsregisteret at ein mykje større del av årsrekneskapane skal kome inn elektronisk.
Blir støtta av NARF
Forslaget om utsett frist blir støtta av Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF). I ei spørjeundersøking blant NARF sine medlemer svarte 57 % av dei som hadde teke stilling til innleveringsmåte at dei planla å levere årsrekneskapen via Altinn. Blant dei resterande 43 % svarte så mange som 68 % at levering via Altinn likevel blir eller kan bli aktuelt dersom fristen blir utsett.
Lovforslaget er venta å passere Stortinget i løpet av vårsesjonen.
|