 |
Kvartalstal frå Konkursregisteret:
Konkursnedgangen fortset
Statistikk for 1. kvartal frå Konkursregisteret viser at konkurstala fortset å gå nedover. Nedgangen var i årets tre fyrste månader på 11,3 prosent. Det blei opna 1 072 konkursar mot 1 209 i same periode i 2004. Talet tvangsavviklingar har også gått ned frå 359 i fjor til 279 i år. Det er ein nedgang på 13,8 prosent.
Statistikken kan dermed vise ein svært positiv trend. Sidan fyrste kvartal 2004 har talet konkursar gått nedover: - 11,7 prosent i 1. kvartal 2004, - 14 prosent i 2. kvartal, - 15,7 prosent i 3 kvartal, - 15,9 prosent for 2004 sett under eitt, og no - 11,3 prosent i 1. kvartal 2005.
Store variasjonar
Det er store fylkesvise variasjonar. Størst konkursnedgang var det i Sør-Trøndelag der talet konkursar nærmast blei halvert, følgt av Rogaland der nedgangen var på nærare 35 prosent. Med det finst også fylke med auke i talet på konkursar. I Østfold var det ein auke på 26 prosent mens Vestfold hadde ein auke på knapt 18 prosent.
Når det gjeld tvangsavviklingar var det nedgang i dei fleste fylka, størst i Buskerud (-84 %), Troms (- 70,6 %) og Telemark (- 60 %). For enkelte fylke var det store auker, ei firedobling i Vest-Agder og ei dobling i Nord-Trøndelag.
Flest private AS
Over halvparten, eller 588 av konkursane, skjedde i private aksjeselskap. Også her går tala nedover, nedgangen var på 21 prosent frå året før. Elles var det 266 personlege konkursar med enkeltpersonføretak, ein nedgang på 23 prosent, mens det var 183 personlege konkursar utan enkeltpersonføretak. Det er ein auke på 95 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det er framleis flest konkursar i selskap med låg eller ikkje registrert ansvarskapital og i ”unge” selskap.
Butikk og restaurant
Dei fleste konkursane skjer i næringskoden ”butikkhandel i spesialforretningar”, det vil seie handel med klede, skoty, møbel, elektriske hushaldsartiklar og liknande. I denne bransjen var det 84 konkursar og 16 tvangsavviklingar i 1. kvartal. Restaurantverksemd hadde 80 konkursar og 20 tvangsavviklingar, mens ”drift av barar” berre hadde fem konkursar og ei tvangsavvikling. Den tredje store gjengangaren, byggjebransjen, hadde 50 konkursar og 10 tvangsavviklingar.
Konkurskarantenar
I 1. kvartal 2005 blei det registrert 69 nye konkurskarantenar. Det er ein nedgang på 29 prosent. 533 personar hadde løpande konkurskarantenar mot 624 i same periode i 2004. Det er ein nedgang på knapt 15 prosent. Dei fleste nye konkurskarantenane er registrerte i Akershus (11) og Oslo (8). Dei fleste løpande konkurskarantenane finn vi i Oslo (79) og Akershus (62).
Talet på konkursar og tvangsavviklingar 1. kvartal 2005
samanlikna med same periode i 2004.
|
Konkursar |
Tvangsavviklingar |
Fylke |
2005 |
2004 |
Endring % |
2005 |
2004 |
Endring % |
Østfold |
72 |
57 |
26,3 % |
15 |
23 |
-34,8 % |
Akershus |
140 |
131 |
6,9 % |
29 |
61 |
-52,8 % |
Oslo |
204 |
205 |
-0,5 % |
71 |
88 |
-19,3 % |
Hedmark |
33 |
47 |
-29,8 % |
10 |
6 |
66,7 % |
Oppland |
27 |
35 |
-22,9 % |
4 |
9 |
-55,6 % |
Buskerud |
47 |
65 |
-27,7 % |
4 |
25 |
-84,0 % |
Vestfold |
60 |
51 |
17,6 % |
10 |
17 |
-41,2 % |
Telemark |
44 |
57 |
-22,8 % |
4 |
10 |
-60,0 % |
Aust-Agder |
13 |
19 |
-31,6 % |
4 |
3 |
33,3 % |
Vest-Agder |
28 |
25 |
12,0 % |
12 |
3 |
300,0 % |
Rogaland |
64 |
98 |
-34,7 % |
10 |
24 |
-58,3 % |
Hordaland |
70 |
90 |
-22,2 % |
53 |
28 |
89,3 % |
Sogn og Fjordane |
14 |
20 |
-30,0 % |
2 |
3 |
-33,3 % |
Møre og Romsdal |
45 |
52 |
-13,5 % |
6 |
10 |
-40,0 % |
Sør-Trøndelag |
47 |
93 |
-49,5 % |
21 |
16 |
31,2 % |
Nord-Trøndelag |
18 |
21 |
-14,3 % |
6 |
3 |
100,0 % |
Nordland |
83 |
79 |
5,1 % |
9 |
9 |
0,0 % |
Troms |
46 |
45 |
2,2 % |
5 |
17 |
-70,6 % |
Finnmark |
14 |
14 |
0,0 % |
4 |
4 |
0,0 % |
Ishavsøyane |
0 |
0 |
0 |
0 |
0 |
0,0 % |
Utanlands |
3 |
2 |
50,0 % |
0 |
0 |
0,0 % |
Ukjent |
0 |
3 |
-100,0 % |
0 |
0 |
0,0 % |
Totalt |
1 072 |
1 209 |
-11,3 % |
279 |
359 |
-22,3 % |
|
 |