Brønnøysundregistrene logo Registeretat og datakilde Hopp til hovedinnholdet på siden
Forsiden Indeks a-å Kontakt oss English
 
Registrering og tinglysing Produkter og tjenester Om Brønnøysundregistrene

Pressemelding 11.03.2005

Bokmål

Siste frist for 773 selskap

Rekneskapsregisteret i Brønnøysund mangla per 1. mars 773 årsrekneskapar for rekneskapsåra 2003. Absolutt siste frist for innsending av komplett årsrekneskap, dersom selskapa vil unngå tvangsavvikling, er sett til 8. april.

- Siste frist for innsending av komplette dokument er sett til 8. april 2005. Dersom dei aksjeselskapa det gjeld ikkje overheld denne fristen, står dei i fare for å bli tvangsoppløyst, seier underdirektør ved Rekneskapsregisteret, Gisle Tøgersen. Når det har gått eit halvt år over fristen utan at rekneskapane er sende inn, pliktar Rekneskapsregisteret å melde frå til tingretten om at vilkåra for tvangsavvikling er til stades.

Nedgang

For rekneskapsåret 2003 var det 773 av totalt 143 205 aksjeselskap, som ikkje hadde oppfylt innsendingsplikta si per 1.mars. Dette utgjer 0,54 prosent av dei innsendingspliktige. Desse blir no kunngjorde på Internett og i lokalaviser.
- Vi har hatt ein nedgang på 10 prosent samanlikna med året før. Då var det 869 selskap, det vil seie 0,60 prosent, som ikkje hadde sendt inn rekneskapane sine på same tidspunkt, seier Tøgersen.

Flest i Oslo, færrast i Aust-Agder

Det er tre fylke som toppar statistikken over aksjeselskap som ikkje har sendt inn årsrekneskapen for 2003. Oslo utpeiker seg med sine 221 selskap, Hordaland med 100 selskap og deretter Akershus med 84. Heilt nedst på lista ligg Telemark med 6 selskap, og Aust-Agder med berre 5 aksjeselskap.

Aukande forseinkingsgebyr  

Den opphavlege fristen for innsending av årsrekneskap for rekneskapsåra 2003 gjekk ut 1. august 2004. Selskap som leverer årsrekneskap etter denne datoen, pådreg seg eit forseinkingsgebyr som aukar veke for veke inntil rekneskapen blir innsend.


Til redaksjonen:

Nedanfor finn du fylkesvis oversikt over dei aksjeselskapa som per 1. mars 2005 framleis ikkje har oppfylt innsendingsplikta av årsrekneskap for rekneskapsåret 2003. Meir informasjon om selskapa finn du på Brønnøysundveven eller i kunngjering i lokalavisene.

For meir informasjon, kontakt gruppeleiar Hanne Vågan ved Rekneskapsregisteret på telefon 75 00 77 36.


Fylkesoversikt over selskap som ikkje har sendt inn årsrekneskap for 2003 og 2002

Fylke

2003

2002

Østfold

34

32

Akershus

84

93

Oslo

221

279

Hedmark

16

12

Oppland

16

19

Buskerud

36

29

Vestfold

31

26

Telemark

6

24

Aust-Agder

5

3

Vest-Agder

14

25

Rogaland

37

54

Hordaland

100

85

Sogn og Fjordane

9

13

Møre og Romsdal

32

30

Sør-Trøndelag

40

46

Nord-Trøndelag

10

12

Nordland

33

39

Troms

28

32

Finnmark

20

16

Ishavsøyane

1

 

Totalt

773

869


       
   
 

Brønnøysundregistrene · Kontakt oss · firmapost@brreg.no · Telefon: 75 00 75 00 · Organisasjonsnummer: 974 760 673